Undervisningsopplegg
Bad news: Klarer du å lage truverdige bodskap?
Målet i Bad News-spelet er å skape motstandskraft mot falsk informasjon på nettet ved at spelarane får prøve seg som produsentar av falske nyheiter. Spelet passar for ungdom over 14 år.
Gjennom spelet får elevane på praktisk vis innsikt i dei ulike teknikkane og metodane som blir nytta av dei som spreier falske nyheiter. Dette bygger opp evna til å kjenne igjen mekanismane som ofte er knytte til falske nyheiter.
Spelet er gratis og kan nyttast av alle. Passar best for ungdomsskule og vidaregåande skule. På spelsida finn du forklaring av spelet og meir inngåande informasjon. Lærarrettleiing finn du også der - eller last ned her:
Lærerveiledning Bad News (bokmål)
Lærarrettleiing Bad News (nynorsk)
"Bad News"-spelet er premiert og omsett til 20 ulike språk, og har gjort internasjonal suksess etter å ha blitt spelt av total ein million på verdsbasis sidan 2017.
Nyheitssakar om Bad News-spelet:
Spill med internasjonal suksess skal lære unge å gjenkjenne falske nyheter
Nye tall fra Medietilsynet: Sju av ti barn og unge har sett falske nyheter