- Startsiden
-
Fakta og innsikt
-
Rapporter
-
Webrapporter
Webrapporter
Allmennkringkastingsrapporten 2021 – TV 2
TV 2 er Noregs einaste kommersielle allmennkringkastar. Kanalen skal tilby eigne nyheiter, program for barn og unge og norsk film og tv-drama og vere lokalisert i Bergen. TV 2 har også ei rekke krav til det samla innhaldstilbodet som at programtilbodet skal vere basert på prinsippa for allmennkringkasting, at TV 2 skal tilby program for både breie og smale grupper, bruke begge dei offisielle norske målformene, og programtilbodet skal ha breidde i tema og sjangrar.
Denne web-rapporten gir eit innblikk i utvalde funn frå allmennkringkastingstilsynet for TV 2 i 2021.
Klikk her for å lese fullversjon av rapporten.
TV 2s allmennkringkastingsoppdrag
Allmennkringkastingsoppdrag til TV 2 er formelt gitt i avtalen om kommersiell allmennkringkasting mellom TV 2 og den norske staten. Avtalen varer i fem år, frå 1. januar 2019 til 31. desember 2023.
Avtalen med staten definerer nærmare kva krav som blir stilte til allmennkringkastingsinnhaldet, til distribusjon og tilgjengeleggjering lineært via TV 2 Play (tidlegare TV 2 Sumo) og over internett, til lokalisering av hovudredaksjon og sentral nyheitsredaksjon, og til kvar dei redaksjonelle avgjerdene skal bli tatt. TV 2 får kompensert nettokostnadene som er knytte til desse forpliktingane.
I tillegg skal TV 2 oppfylle ei rekke krav til det samla innhaldstilbodet på hovudkanalen. TV 2 får ikkje kompensert nettokostnadane for inntekter og utgifter knytte til dei såkalla minimumskrava.
Ifølge avtalen skal Medietilsynet utbetale og fastsette storleiken på den endelege kompensasjonen til TV 2. Medietilsynet skal også føre tilsyn med om TV 2 oppfyller forpliktingane i avtalen og har eit rekneskapsmessig skilje mellom allmennkringkastingsverksemda og den andre verksemda.
Vurdering av TV 2s programverksemd i 2021
Allmennkringkastingstilsynet viser at TV 2 oppfylte dei aller fleste krava innanfor sjølve allmennkringkastingsoppdraget i 2021. Oppdraget omfattar krav om eigenproduserte daglege riksdekkande nyheitsprogram med base i den sentrale nyheitsredaksjonen, norskspråklege program for barn og unge og førstegongsvisningar av norsk film og tv-drama.
Oppdraget omfattar også krav til distribusjon og tilgjengeleggjering lineært via TV 2 hovudkanalen og ikkje-lineært via TV 2 Play, krav til lokalisering av hovudredaksjon og sentral nyheitsredaksjon og til kor dei redaksjonelle avgjerdene skal takast.
Medietilsynet anerkjenner betydninga av at dei norske allmennkringkastarane fremmer norskprodusert innhald som reflekterer norsk språk, kultur og identitet og norske samfunnsforhold, og at dette stadig blir viktigare i ein globalisert strøymemarknad. TV 2 sende fleire norske dramaseriar i 2021 og hadde ein markant auke i direkte produksjonskostnader knytte til norskspråkleg film og drama. Serien Bortført var den store dramasatsinga til TV 2 i 2021, der handlinga utspelar seg både i Oslo, Israel og Egypt i eit spenningsdrama som vev saman kidnapping av ferieturistar, etterretningsarbeid i Midtausten og storpolitikk i lys av Noregs fredsarbeid med Oslo-avtalen.
Både i 2020 og 2021 førte koronapandemien til periodar med nasjonale pålegg og anbefalingar om heimekontor og om å ikkje reise. Smitteverntiltaka i 2021 førte til at nyheitsredaktøren til TV 2 var betydeleg mindre til stades i Bergen enn avtala forutset, noko som også påverkar oppfyllinga av kravet om at majoriteten av dei redaksjonelle avgjerdene skal bli tatt i den sentrale nyheitsredaksjonen. Dette er eit brot på delar av krava til lokalisering av allmennkringkastingsverksemda i Bergen. Koronapandemien blir vurdert som ei hindring som er utanfor TV 2s kontroll. Medietilsynet har derfor, som i 2020, avgjort å ikkje følge opp brotet knytt til lokaliseringskrava i 2021 vidare, verken ved å avkorte kompensasjonen eller ved å gi sanksjon.
Eigenproduserte nyheitsprogram på TV 2
TV 2 hadde daglege nyheitssendingar frå den sentrale nyheitsredaksjonen Bergen. Med 170 redaksjonelle årsverk og over 350 millionar kroner i redaksjonelle kostnader til nyheitssendingane på hovudkanalen, oppfyller TV 2 forpliktingane med god margin.
TV 2 viser til at nyheitsinteressa blant nordmenn auka gjennom pandemien, og i 2021 hadde TV 2 ei viktig rolle i dekninga av stortingsvalet. Som allmennkringkastar er TV 2 opptatt av å treffe breitt i befolkninga med nyheitsdekninga med både «breaking news», undersøkande journalistikk, dokumentarar og aktualitetsprogram. Vidare viser TV 2 til at hovudredaksjonen og den sentrale nyheitsredaksjonen er i Bergen, der det også er etablert ein digital videodesk og Lab2. Lab2 er ein redaksjon som er spesialisert på datadreven journalistikk, metodikk innan undersøkande journalistikk og digital historieforteljing. TV 2 opplyser også at nyheitsredaksjonen har eit sterkt nærvær i Oslo – i tillegg til at TV 2 har lokalkontor i Stavanger, Trondheim, Ålesund, Bodø, Tromsø og Hamar.
TV 2 gjer greie for nokre av dei viktigaste satsingane og sakene frå TV 2 Nyhetene i 2021:
- Valdekninga i 2021 var den største satsinga. Den inkluderte to partileiardebattar i Bergen og Oslo, fleire valprogram, undersøkande journalistiske prosjekt, løpande nyheitsjournalistikk og ein nyskapande partiveljar på Tv2.no.
- TV 2 viser til at løpande informasjon frå helsemyndigheitene og regjeringa gjennom pandemien og publikums behov for kontekst, har kravd mykje av nyheitsredaksjonen. TV 2s undersøking av menstruasjonsforstyrringar etter koronavaksinen var eit viktig journalistisk prosjekt.
- Migrantkrisa i EU prega nyheitsbildet hausten og vinteren 2021. TV 2 følgde problematikken tett, både storpolitisk og med tanke på enkeltmennesket.
- Hausten 2021 var nyheitsbildet prega av fleire skyteepisodar og valdshendingar i Oslo. TV 2 undersøkte straffehistorikken til alle som blei varetektsfengsla, og påviste at dei aller fleste var tidlegare straffedømte.
- TV 2 gjorde ei omfattande kartlegging av profilerte realitydeltakarar som har vore involverte i straffesaker. Dette miljøet er ifølge TV 2 aldri tidlegare blitt undersøkt systematisk i offentlegheita.
TV 2s program for barn
TV 2 oppfylte krava om tilbod til barn ved å vise norskspråkleg barne-tv kvar helg og ha 13,6 millionar kroner i kostnader til denne typen program.
TV 2 sende 105 timar med barneprogram i 2021 og opplyser at tilbodet inneheld norskprodusert innhald som er trygt, oppbyggande, lærerikt, underhaldande og engasjerande. Det blei totalt brukt 13,6 millionar kroner på barneprogram i 2021, om lag same nivå som i 2020, da TV 2 brukte 13,5 millionar kroner.
I 2021 sende TV 2 blant anna Babbledyr, Jungeldyret Hugo og H.C. Andersens Eventyr. TV 2 opplyser at «Oiii», eit barneunivers via Norsk Film som tilbyr både eigenprodusert innhald og innkjøpte seriar som er dubba, er sentralt i innhaldstilbodet til barn. TV 2 framhevar også TV 2 hjelper deg junior der problemstillingane til barn blir tatt på alvor, men med lek og humor.
TV 2s program for unge
TV 2 oppfylte krava om tilbod til unge ved å sende jamlege norskspråklege program for unge i alderen frå 13 til 19 år og ha 5,9 millionar kroner i kostnadar til denne typen program.
TV 2 sende 24 timar med program for unge på hovudkanalen i 2021, frå slutten av januar til og med september.
To av konsepta som TV 2 trekker fram, er serien Emmas stemme og dokumentarfilmen Hei verden. Serien Emmas stemme handlar om influensar Emma Ellingsen og vegen for å finne kva parti ho skulle stemme på den første gongen ho hadde stemmerett ved eit stortingsval. Serien utforskar politisk engasjement hos dei unge, og kva som skal til for at unge ønsker å stemme.
Dokumentaren Hei verden følger tre unge personar over ein periode på tre år etter at dei valde å stå fram som skeive. TV 2 gjer greie for at målet med dokumentaren er å bidra til å skape openheit og forståing rundt dei utfordringane mange barn og unge kjenner på når dei skil seg ut i oppveksten og i dagens samfunn.
Norsk film og drama på TV 2
TV 2 formidla førstegongsvisningar av norsk film og tv-drama og innfrir med god margin kravet til årleg gjennomsnitt på 50 millionar kroner til innkjøp av produksjonar.
Ifølge TV 2s avtale med staten skal norsk film og tv-drama ha originalskrivne manus på norsk eller samisk og/eller ha eit hovudtema som er knytt til norsk historie, kultur eller samfunnsforhold.
TV 2 opplyser at å formidle moderne historier som er sentrale for det norske publikummet, blir stadig viktigare i ein globalisert strøymemarknad. I 2021 investerte TV 2 111,8 millionar kroner i norsk film og drama.
I 2021 har TV 2 hatt premiere på følgande produksjonar innanfor kategorien norsk film og tv-drama:
- Bislett bnb
- Bortført
- Etter laurdag
- Farfar
- Hjerteslag
- Idrettsforeldre
- Julestjerna
- Kjære landsmenn
Distribusjon av TV 2s allmennkringkastingsinnhald
TV 2 oppfylte krava om å formidle allmennkringkastingsinnhaldet lineært på hovudkanalen og ikkje-lineært i TV 2 Play.
TV 2 har forplikta seg til å formidle allmennkringkastingsinnhaldet som blir formidla lineært via fjernsyn, på TV 2 hovudkanalen. Minst 95 prosent av alle husstandane i Noreg skal kunne ta imot kanalen. Det er presisert i kunngjeringa og vedtaket at kravet gjeld teknisk dekning.
TV 2 opplyser at allmennkringkastingsinnhaldet blir sendt på hovudkanalen. Vidare gjer TV 2 greie for at hovudkanalen i 2021 har vore tilgjengeleg som ein del av grunntilbodet hos alle tv-distributørar i den norske marknaden, inkludert satellitt- og bakkenettplattformene.
TV 2 gjer vidare greie for at alt innhald på hovudkanalen også er tilgjengeleg i grunntilbodet i TV 2 Play (tidlegare Sumo), både som lineærkanal og enkeltprogram (direkte og ikkje-lineært). TV 2 Play er tilgjengeleg via internett for alle med normal breibanddekning.
Ansvarleg redaktør og lokalisering i Bergen
Med hovudredaksjon og sentral nyheitsredaksjon i Bergen tilfredsstiller TV 2 kravet om at desse redaksjonane skal vere lokaliserte minst 100 kilometer utanfor Oslo sentrum.
Med Olav T. Sandnes som øvste leiar og ansvarleg redaktør oppfyller TV 2 kravet om å ha ein ansvarleg redaktør. Sandnes svarer til føresegnene i Redaktørplakaten og er medlem og styremedlem i Norsk Redaktørforening. TV 2 er også medlem i Norsk Presseforbund og har slutta seg til Ver Varsam-plakaten.
TV 2 oppfylte dei to krava knytte til hovudredaksjonen. Bergen er staden der majoriteten av både større og mindre avgjerder knytte til programsamansetninga blir tatt, og majoriteten av dei redaksjonelt tilsette som er engasjerte i verksemda til kanalen, har arbeidsstaden sin ved hovudredaksjonen der. TV 2 oppfylte også kravet om at majoriteten av dei redaksjonelt tilsette som er engasjerte i nyheitssendingane på hovudkanalen, har arbeidsstaden sin ved den sentrale nyheitsredaksjonen i Bergen.
Medietilsynet vurderer at TV 2 i 2021 verken oppfylte kravet om at nyheitsredaktøren skal ha sin arbeidsstad ved den sentrale nyheitsredaksjonen i Bergen for den delen av stillinga som er knytt til allmennkringkastingsoppdraget, eller kravet om at majoriteten av både større og mindre avgjerder knytte til nyheitene blei tatt ved den sentrale nyheitsredaksjonen i Bergen. Begge desse brota på lokaliseringskravet kom av hindringar som ligg utanfor TV 2s kontroll på grunn av koronapandemien. Medietilsynet vil derfor ikkje følge opp desse brota, verken med reduksjon i kompensasjonen eller sanksjonar.
Innhaldskrav til TV 2s hovudkanal
TV 2 oppfylte kravet om at programtilbodet i hovudkanalen skal ha breidde i sjangrar, både når det gjeld samansetninga av programkategoriar og innanfor den enkelte programkategorien.
TV 2 oppfylte kravet om å basere programtilbodet i hovudkanalen på prinsippa for allmennkringkasting, kravet om at profilen i programtilbodet skal vere av allmenn karakter og interesse og kravet om å tilby program både for breie og smale grupper.
Med 52 prosent norskspråklege program på hovudkanalen oppfylte TV 2 kravet om at norskspråklege program skal utgjere minst 50 prosent av sendetida. TV 2 hadde ei rekke nynorsktalande nyheitsanker og reporterar i 2021 og oppfylte kravet om å nytte begge dei offisielle målformene.
TV 2 oppfylte krava om breidde i tema og sjangrar. I 2021 valde TV 2 å dekke dei fem kategoriane samfunns-/informasjonsprogram, sport, dokumentarprogram, underhaldning og natur og vitskap, og alle krava til hyppigheit og omfang er oppfylte.
Storleiken på kompensasjonen til TV 2 i 2021
TV 2 har etterlevd retningslinjene for rekneskapsmessig skilje i 2021, og i tråd med resultatet får TV 2 full kompensasjon på 135 millionar kroner for 2021 for å ha levert allmennkringkastingsoppdraget.
I tråd med avtalen utbetaler Medietilsynet kompensasjon til TV 2 etterskottsvis kvart kvartal gjennom året. Medietilsynet fastset storleiken på kompensasjonen, og kan gjere vedtak om at ein eventuell overkompensasjon skal tilbakebetalast eller avkortast ved neste utbetaling.
Kontrollen med at TV 2 berre får dekt nettokostnadane, og at det ikkje ligg føre overkompensasjon eller kryss-subsidiering, skjer etterskottsvis i det årlege allmennkringkastingstilsynet.
For allmennkringkastingsverksemda i 2021 har TV 2 lagt fram årsrekneskap med eit resultat på netto meirkostnad inkludert ti prosent driftsmargin på 149 millionar kroner. Rekneskapsresultatet for TV 2 tilseier dermed at staten skal yte full kompensasjon på 135 millionar kroner for 2021 under føresetnad av at andre vilkår for allmennkringkastingsverksemda er oppfylte.