Tilskotsordninga har som hovudmål å bidra til mediemangfald, ytringsfridom og å styrke den demokratiske funksjonen dei lokala lyd- og biletmedia har i samfunnet.
Søknadsfristen for 2026: 28. januar
Eit sterkt lokalt radio- og tv-tilbod styrker mediemangfaldet, og støtteordninga skal bidra til å oppretthalde dette tilbodet.
Den digitale overgangen er krevjande for lokalradioar med små ressursar, og det er framleis eit stort behov for å støtte overgangen til digitale sendingar.
Medietilsynet administrerer og saksbehandlar støtteordninga ved å motta søknader, kartlegg kven som kvalifiserer til å motta støtte og vedtek kven som skal få støtte og kor mykje kvar enkelt søkjer skal få.
Søknader om tilskott blir lagt fram for Fagutvalget for tilskott til lokale lyd- og bildemedium. Utvalet gir innstilling til Medietilsynet som fattar endeleg vedtak.
Du kan søke støtte til:
- Driftstilskott til digitalisering av lokalradio
- Driftstilskott til lokalradioar for etniske og språklege minoritetsgrupper
- Driftstilskott til nasjonale bransjeorganisasjonar for lokale lyd- og bildemedium
- Prosjekttilskott til lokale programproduksjonar
- Prosjekttilskott til enkeltståande kompetansehevande tiltak
- Prosjekttilskott til utviklingsprosjekt som aukar programmessig kvalitet og breidde
- Investeringstilskott til utbygging av digitale lokalradionett i Lokalradioblokka
Vi ber alle som skal søke om tilskott, om å sette seg grundig inn i kva krav og dokumentasjon som trengst for å levere ein fullstendig søknad for dei ulike støtteformåla. Dersom søknaden manglar opplysningar og vedlegg som er nødvendig for å behandle søknaden, blir søknaden normalt avvist og ikkje tatt til behandling.
Vi gjer merksame på at du må legge ved etterspurd søknadsdokumentasjon sjølv om du har sendt inn dokumentasjonen til oss i annan samanheng.
Søkarar som tidlegare har fått tilskott og ikkje har rapportert innan opphavleg rapporteringsfrist eller utsett rapporteringsfrist, blir normalt ikkje tildelte nye tilskott. Det gjeld også tildelt støtte frå ei av tilskottsordningane til Medietilsynet.
I feltet for namnet på mediet skal du søke opp namnet på stasjonen som det blir søkt tilskott for. Dette blir gjort ved å begynne å skrive inn stasjonsnamnet. Ei liste over stasjonane dine kjem fram under feltet. Vel deretter stasjonen du ønsker å søke støtte for. Feltet viser nå bokstavane MP og MP-nummeret til stasjonen. Om du ikkje finn stasjonen din, ta kontakt med oss på e-post lokaletilskudd@medietilsynet.no
Det er mogeleg å klage på løyvinga. Før du sender inn ei eventuell klage, kan du be om ei utvida grunngiving for avgjerda. Dersom du vil klage, må klaga sendast inn seinast tre veker etter at du mottok den utvida grunngivinga frå oss.
Klaga blir behandla av Medietilsynet. Opprettheld vi vedtaket vårt, blir klaga send til Medieklagenemnda
for endeleg avgjerd. Klages sender du til post@medietilsynet.no.
Alle som søker om tilskott, må laste opp prosjektbeskriving og budsjett (finansieringsplan) for prosjektet.
Vedlegg blir bede lasta opp i pdf-format eller i excel-format under fanen «Vedlegg og merknader til søknad» i søknadsskjemaet.
Dersom du søker driftstilskott til lokalradio for etniske og språklege minoritetsgrupper eller til nasjonale bransjeorganisasjonar, skal du legge ved rekneskap for førre år og budsjett for neste år.
Følgjande søkarar skal fylle ut og legge ved eit eige skjema:
- Lokalradio som sender i Riksblokk II
- Registreringspliktig nett-tv, satellitt- og kabelsend tv
- Registreringspliktig nettradio, satellitt- og kabelsend radio
- Tilbydarar av audiovisuelle bestillingstenester (bildeprogram)
- Tilbydarar av podkast-tenester
Trykk her for å laste ned skjemaet.
Du må rapportere for bruk av støtten du har mottatt. Rapporteringsfristen står i tilsagnsbrevet. I god tid før rapporteringsfristen vil du få en påminnelse på e-post.
Rapporteringen skjer i vår søknadsportal Min Side ved at du fyller ut rapporteringsskjema og laster opp nødvendige vedlegg.
Du finner Min Side her.
Inne på Min Side trykker du på Støtte- og tilskuddsordninger før du manøvrerer deg til tilskuddsordningen det gjelder og velger Mine søknader. I listen skal du nå trykke på saksnummeret til den aktuelle søknaden. I det nye bildet trykker du på knappen "Ny" i boksen Rapportering som du finner på høyre side. Velg deretter riktig tilskuddsordning, fyll ut informasjonen og trykk lagre.
Vi vil ta kontakt med deg dersom det er noe som mangler i rapporteringen.
De som har fått støtte tildelt før tilskuddsåret 2018 skal rapportere via e-post til lokaletilskudd@medietilsynet.no. Alle som har fått støtte fra 2021 skal rapportere på måten beskrevet over.

Tidligere nyhetssaker om tilskudd for lokale lyd- og bildemedier
2023:
Lokale radio- og tv-kanalar kan nå søke støtte til å lage lokale program
2022:
Medietilsynet fordeler mediestøtte: Lokale radio- og tv-kanaler får 13 millioner for å digitalisere og lage nye program
2021:
Medietilsynet foreslår nye støtteordningar
Medietilsynet forlenger FM-konsesjonane for lokalradio med fem nye år
Medietilsynet har fordelt støtte til lokalkringkasting: Halvparten går til å digitalisere lokalradio
2020:
Medietilsynet fordeler over 20 millioner kroner til lokale radio- og tv-kanaler
Over 20 millioner kroner til lokalkringkasting
Kulturdepartementet foreslår regelendring: Lokalradioer kan få økt driftsstøtte til digitalisering