1. Startsiden
  2. Nyheter
  3. Nyhetssaker

Nyhetssaker

175 aviser vil ha produksjonstilskott

Bilde av bygningen der Medietilsynet har sine kontorer. Det står Medietilsynet på veggen.

175 aviser har i år søkt om produksjonstilskott til nyheits- og aktualitetsmedium. 13 av desse har ikkje fått støtte tidlegare. Blant dei nye søkarane er det både lokalaviser og aviser med heile landet som nedslagsfelt.

I år skal 456,3 millionar kroner fordelast mellom avisene som har rett på støtte. 175 søkarar er to færre enn i fjor. I gruppa med nye søkarar finn vi fem lokalaviser og åtte nasjonale aviser. 

– Dette viser at det framleis er stor aktivitet i avismarknaden, og at støtteordninga er viktig for aktørane og mediemangfaldet, seier direktør i Medietilsynet, Mari Velsand.

Dei nye lokalavisene som har søkt støtte er Salangen-nyheter, Sirdalmedia, Aukranytt, Nordmørsposten og RA Stavanger.

Salangen-nyheter søkte for første gong i fjor, men fekk da avslag på grunn av for få abonnentar.

Nasjonale medium som søker om støtte for første gong i 2026 er Din Bedrift, Energiteknikk.net og Kom24. 

Altinget, Shifter.no, Watch Media, Motparten og Kampanje har søkt tidlegare år og fått avslag, men søker alle på nytt i år.

Grundig saksbehandling

Medietilsynet skal nå vurdere kvar enkelt søkar opp mot dei ulike kriteria i ordninga for å avgjere om avisa er kvalifisert for å få støtte. Vilkåra som må oppfyllast kjem fram av «Forskrift om produksjonstilskott til nyheits- og aktualitetsmedium», og blir vurdert etter objektive faktum, analysar og vurderingar.

– Forskrifta skal gi så stor grad av føreseielegheit som mogleg. Ein faktor som kan skape endringer i tilskuddet frå år til år, er antal nye kvalifiserte søkarar. Dette skyldes at tilskuddets totale størrelse er gitt, uavhengig av antal søkarar, seier Sekkelsten.

For nye søkarar som oppfyller dei objektive vilkåra til forskrifta skal det gjennomførast ei innhaldsvurdering av publikasjonen. Resultatet av denne innhaldsvurderinga vil bli tillagt stor vekt i vurderinga av om vilkåra til formål og innhald er oppfylte. I tillegg blir det lagt vekt på ulike eigenskapar ved publikasjonen. Det er ei samla vurdering som til sist avgjer om det enkelte nyheits- og aktualitetsmediet oppfyller vilkåra.

Kva aviser som får støtte og kor mykje kvar avis får, blir klart til hausten når alle søknadene er behandla.

Fakta om produksjonstilskottet

  • Årleg tilskottsramme for ordninga blir fastsett i samband med Stortingets behandling av statsbudsjettet. I 2026 er totalramma på 456,3 millionar kroner.
  • Medietilsynet fordeler produksjonstilskottet.
  • I fjor blei støtta fordelt på 163 aviser. Årets fordeling og talet på tilskottsmottakarar blir klart til hausten.
    Vilkåra for å få tilskott er beskrivne i Forskrift om produksjonstilskott til nyheits- og aktualitetsmedium.
  • Tilskottet skal fremje uavhengig journalistikk karakterisert av høg kvalitet, særleg i nyheits- og aktualitetsmedium i marknader som er for små til å vere berekraftige eller som er alternativ til dei leiande nyheitsmedia i dei ulike mediemarknadene.
  • Ordninga er plattformnøytral, og likestiller papir- og nettaviser.

Kategoriar i tilskottsordninga

  • Aleinemedium: nyheits- og aktualitetsmedium som er aleine på utgivarstaden.
  • Nummereinmedium: nyheits- og aktualitetsmedium som har det høgaste abonnementstalet på utgivarstaden. 
  • Nummertomedium: nyheits- og aktualitetsmedium som har ein konkurrent med høgare abonnementstal på utgivarstaden.
  • Nasjonale nummertomedium: nummertomedium som har minst 500 av abonnementstalet fordelt på minimum fem av fylka i landet og minst 25 prosent av abonnementstalet utanfor utgivarfylket, og som har minst 20 redaksjonelle årsverk.
  • Nasjonale nisjemedium: nummertomedium som har minst 200 av abonnementstalet fordelt på minimum fem av fylka i landet og minst 25 prosent av abonnementstalet utanfor utgivarfylket. Nasjonale nisjemedium har eit breitt innhald om politikk, økonomi eller samfunnsliv, men er smalare i innhaldsprofilen sin enn andre nyheits- og aktualitetsmedium.

  Abonner på nyheter (RSS)