1. Startsiden
  2. Nyheter
  3. Nyhetssaker

Nyhetssaker

Medietilsynet må behandle søknad om tilskott på nytt

Eksteriørbilde av bygget der Medietilsynet har kontor.

Medieklagenemnda har vedtatt å oppheve Medietilsynets vedtak om avslag på søknad frå iNyheter AS om produksjonstilskott i 2024.

Nå skal søknaden tilbake til Medietilsynet for ny behandling.

Må vurderast mot minstekrava i forskrifta

Medietilsynet avslo søknaden om produksjonstilskott frå i iNyheter i 2024 på grunnlag av ei heilskapsvurdering der tilsynet blant anna peika på at at tvilsam siterings- og krediteringspraksis var utbreidd i iNyheter. Medietilsynet knytte vurderinga opp mot hovudformålsregelen i forskrifta, og konkluderte med at dette vilkåret ikkje var oppfylt.

Nemnda har komme til at Medietilsynet må behandle søknaden på nytt. Nemnda peikar blant anna på at det kjem fram minstekrav, og ei eksplisitt tilvising til allment aksepterte presseetiske standardar, i forskrifta, og at det er i samband med vurderinga av om desse minstekrava er oppfylte det eventuelt må gjerast vurderingar av blant anna siterings- og krediteringspraksis.

Medietilsynet skal nå, så snart som mogeleg, behandle søknaden frå iNyheter på nytt, med føringane frå nemnda.

Dei endelege føringane frå nemnda vil òg få betydning for søknaden til iNyheter for 2025.

Slik er klage- og ankemoglegheitene ved avslag på søknad om produksjonstilskott:

  • Det er mogleg å klage på Medietilsynets vedtak om produksjonstilskott.
  • Det er Medieklagenemnda som er klageinstans.
  • Om Medieklagenemnda opphever Medietilsynets vedtak, blir søknaden send tilbake til Medietilsynet for ny behandling.
  • Det nye vedtaket frå Medietilsynet kan også klagast på.
  • I så fall går saka tilbake til Medieklagenemnda.

Dette er produksjonstilskottet:

  • Produksjonstilskottet er den største direkte mediestøtteordninga, og Medietilsynet forvaltar ordninga. I 2025 blei 440,6 millionar kroner fordelte i støtte.
  • 163 aviser fekk produksjonstilskott i 2025, åtte av dei for første gong.
  • Produksjonstilskottet skal bidra til eit mangfald av redaktørstyrte tekstbaserte nyheits- og aktualitetsmedium over heile landet. Ordninga er plattformnøytral. 
  • Ordninga er særleg retta mot nyheitsmedium i marknader som er for små til å vere berekraftige, og nyheitsmedium som er alternativ til dei leiande nyheitsmedia i større marknader. Produksjonstilskottet skal korrigere for marknadssvikt for mindre nyheitsmedium og nummer to-medium i slike marknader.
  • Når nye aviser søker støtte, vurderer Medietilsynet søkaren opp mot krava i forskrift om produksjonstilskott til nyheits- og aktualitetsmedium. Krava gjeld blant anna innhald, talet på abonnentar og driftsøkonomi.

  Abonner på nyheter (RSS)