Nyhetssaker
Medietilsynet skal fordele 21,5 millionar til innovasjon i media
Medietilsynet skal fordele 21,5 millionar kroner i innovasjonsstøtte i 2023, og opnar no for søknader. – Innovasjonsstøtta skal gjere det lettare å digitalisere og drive innovasjon, særleg for små, lokale nyheits- og aktualitetsmedium, seier Hanne Sekkelsten, direktør for juridisk og regulatorisk avdeling i Medietilsynet.
Støtteordninga skal særleg stimulere til redaksjonell, innhaldsretta innovasjon og utvikling i nyheits- og aktualitetsmedium, og små og lokale medium blir prioriterte.
Frå i år kan fleire medium i fagpressa søke innovasjonsstøtte
Forskrifta for innovasjonsstøtte er revidert, slik at fleire medium i fagpressa frå 2023 får høve til å søke om støtte.
I tillegg får små, lokale nyheits- og aktualitetsmedium ein høgare støtteandel. Frå å få støtte på inntil 50 prosent av kostnadene til prosjektet kan dei no få dekt inntil 75 prosent av kostnadene ved prosjektet.
– Vi ser at kravet til eigenandel tidlegare har vore for høgt for dei minste lokale media, som kanskje også er dei som treng støtta mest. Derfor er det no fint at dei kan få dekt ein større andel av kostnadene, seier Sekkelsten.
Årets søknadsfrist er 24. februar 2023
Støtteordninga skal fremme journalistisk innovasjon og digitalisering i media.
– Det kan for eksempel vere redaksjonell, innhaldsretta innovasjon, prosjekt som stimulerer til deling og samarbeid, eller tiltak som kjem minoritetar og grupper som ikkje aktivt sjølv søker nyheiter, til gode, seier Sekkelsten.
Eit nytt fagutval kjem med forslag til korleis innovasjonsmidlane skal fordelast i år. Det nye utvalet består av leiar Geir Terje Ruud (konsulent), Ragnhild Olsen (førsteamanuensis OsloMet), Geir Håbesland (rådgivar i innovasjonsprosessar), Hilde Dypaune (bedriftsrådgivar) og Pål Lomeland (dagleg leiar Norsk Lokalradioforbund) og varamedlemmer Eivor Jerpåsen (direktør innhaldsutvikling Amedia), Magne Kydland (kommunikasjonssjef) og Merete Lillesand (spesialkonsulent).
Medietilsynet tar sikte på å behandle ferdig søknadene i mai 2023.
Søk via Medietilsynets søknadsportal Mi side her
Her kan du lese meir om støtteordninga
Fakta om innovasjonsstøtta
- Ordninga skal fremme mediemangfald og ein opplyst offentleg samtale gjennom å stimulere til redaksjonell, innhaldsretta innovasjon og utvikling i nyheits- og aktualitetsmedium. Ordninga er særleg retta mot små, lokale nyheits- og aktualitetsmedium.
- Prosjekt som rettar seg mot innvandrarar, språklege minoritetar, og som er retta mot tenester for personar med funksjonsnedsettingar, blir prioriterte. Aviser som får utfordringar med distribusjon på grunn av færre postomdelingsdagar, blir også prioriterte.
- Frist for å søke støtte for 2023 er 24. februar 2023. I statsbudsjettet for 2023 ligg det 21,5 millionar kroner til ordninga, og pengane blir fordelte i éin tildelingsrunde.
- Støtteordninga tredde i kraft 1. juli 2018, og revidert forskrift tredde i kraft desember 2022.
For spørsmål om innovasjonsstøtteordninga, ta kontakt med Heidi Schau-Hvatum.
For pressespørsmål, ta kontakt med Nina Bjerke.