Nyhetssaker
No kan avisene søke om 400 millionar kroner i støtte
Medietilsynet opnar no for søknader om årets produksjonstilskott, den største direkte mediestøtteordninga for avisene i landet. – I år gjeld nye reglar, som blant anna betyr at aviser som blir gitt ut i visse små kommunar, kan få støtte med færre abonnentar enn tidlegare, seier Hanne Nistad Sekkelsten, direktør for juridisk og regulatorisk avdeling i Medietilsynet.
Produksjonstilskottet, med ein pott på 400 millionar kroner, er den største av dei direkte mediestøtteordningane og skal bidra til eit mangfald av nyheits- og aktualitetsmedium over heile landet. Støtteordninga likestiller papir- og nettaviser, og det er Medietilsynet som forvaltar ordninga.
Dei nye reglane blir innførte over tre år
Kven som får støtte, blir bestemt etter reglane i forskrift om produksjonstilskuddtil nyhets- og aktualitetsmedier. Forskrifta er ny i år og tredde i kraft 1. januar 2023. Dei nye reglane skal gjere ordninga enklare og betre tilpassa den digitale utviklinga og sikre at ordninga er treffsikker.
I tillegg blir ordninga utvida, slik at aviser som blir gitt ut i visse små kommunar, kan kvalifisere til å få støtte med eit lågare abonnementstal.
Ei vesentleg endring gjeld kriteria for å fordele og berekne tilskottet. – For å sikre at avisene får eit føreseieleg og trygt støttenivå er det innført ei overgangsordning over tre år, seier Sekkelsten.
Medietilsynet skal utarbeide ein prognose for tilskotta til avisene før sommaren.
Kva for aviser som får og kor mykje, blir klart til hausten
Medietilsynet er avhengig av økonomisk informasjon om avisene frå føregåande år før vi kan gjere ferdig saksbehandlinga. Denne informasjonen er først tilgjengeleg etter sommaren. Endeleg vedtak om kven som får produksjonstilskott for 2023, kjem derfor først til hausten.
Søknadsfristen er 15. mars. Søkarar som ikkje har fått produksjonstilskott tidlegare, må melde frå til Medietilsynet på produksjonstilskudd@medietilsynet.noinnan 21. februar for at vi skal kunne starte arbeidet med å vurdere om mediet er kvalifisert for støtte.
Les meir om produksjonstilskottet og søk støtte her
Fakta om produksjonstilskottet
- Medietilsynet fordeler produksjonstilskott kvart år. I år skal vi fordele 400,1 millionar kroner. I fjor blei støtta fordelt på 146 aviser. Kor mange aviser som får støtte i år, og kor mykje dei får, blir klart til hausten.
- Produksjonstilskottet skal bidra til eit mangfald av nyheits- og aktualitetsmedium over heile landet og blei fordelt for første gong i 1969.
- Ordninga er særleg retta mot medium i marknader som er for små til å vere berekraftige, og medium som er alternativ til dei leiande media i større marknader. Produksjonstilskottet skal korrigere for marknadssvikt for mindre nyheitsmedium og nummer to-medium i slike marknader.
- Ordninga er plattformnøytral og likestiller papir- og nettaviser.
- Når nye aviser søker støtte, vurderer Medietilsynet søkaren opp mot krava i forskrift om produksjonstilskudd i nyhets- og aktualitetsmedier, om blant anna innhald, tal eigenproduserte saker, tal abonnentar og driftsøkonomi.
For spørsmål om produksjonstilskottsordninga ta kontakt med Jon Stjernstedt. For pressespørsmål ta kontakt med Nina Bjerke.