Nytt fra Medietilsynet
Medietilsynet har godkjent Bauer som ny eigar av SBS Radio Norge
I april 2015 inngjekk Bauer Radio Limited ein avtale med Discovery Communications Nordic AP om å overdra alle aksjane i SBS Radio Norge AS. Avtalen er ein del av eit større oppkjøp der Bauer vil erverve heile Discoverys nordiske radioportefølje.
Som ny eigar av SBS får Bauer det overordna ansvaret for alle radiokonsesjonane SBS har i Noreg. Oppkjøpet føreset derfor godkjenning frå Medietilsynet. Søknaden frå Bauer til Medietilsynet om godkjenning av oppkjøpet gjeld alle anleggs- og innhaldskonsesjonar for både digital og analog radio.
Når det gjeld SBS Radio Norge AS sin konsesjon til riksdekkjande allmennkringkasting gjennom radiokanalen Radio Norge, er oppkjøpet avhengig av Kulturdepartementets godkjenning. Oppkjøpet er godkjent av Kulturdepartementet, og Medietilsynet har no godkjent oppkjøpet når det gjeld dei andre konsesjonane.
Bauer bad også om førehandsklarering av ervervet etter medieeigarskapslova, og etter våre berekningar vil ervervet føre til at Bauer får 12,2 prosent av dei samla lyttartala i den nasjonale radiomarknaden. Dette er vesentleg lågare enn medieeigarskapslovas eigarskapsgrense på 1/3. Medietilsynet gir derfor førehandsklarering av ervervet.
Kontaktperson: Hanne Sekkelsten