1. Startsiden
  2. Nyheter
  3. Nyheitsarkiv
  4. Aktuelt 2015

Nytt fra Medietilsynet

Ny medielov trer i kraft 1. juli 2015

Det er i dag bestemt at den nye lova om vern av barn mot skadeleg innhald i biletprogram, også kjend som "beskyttelsesloven", trer i kraft 1. juli 2015. Det er vidare vedtatt enkelte overgangsordningar.

Kort tid til loven trer i kraft

Det er kort tid til loven trer i kraft, men Medietilsynet meiner at overgangen til ny lov skal gå bra.

– Medietilsynet har sidan lova blei vedtatt av Stortinget i desember i fjor, førebudd både oss sjølv og dei ulike bransjeaktørane på at lova kjem, seier Line Langnes, seniorrådgjevar i Medietilsynet. – Vi har blant anna laga retningslinjer for aldersklassifisering av innhald, fått utarbeidde nye aldersgrenseikon, hatt ei rekkje foredrag på bransjetreff og send ut skriftleg informasjon til alle ulike bransjegrupperingar som lova vil få verknad for. Akkurat no er vi i ferd med å lære opp bransjeaktørar til å setje aldersgrenser på program og filmar, forklarer Langnes.

Medietilsynet vil ha fokus på å rettleie bransjeaktørar om dei nye pliktene deira etter lova den fyrste tida etter at lova tre i kraft.Tilsynet har tru på at også publikum vil oppleve lova som ein positiv endring.

– At den nye lova stiller større krav til merkinga og til bransjeaktørane informasjon om aldersgrenser på filmar og program, gjer at foreldre og barn får høve til å ta gode val når det gjeld kva innhald dei skal sjå.Mange foreldre vil nok oppleve denne rettleiinga som nyttig, avsluttar Langnes.

Overgangsordningar

For å lette overgangen til den nye lovgivinga, har Kulturdepartementet vedteke ei særleg overgangsordning for audiovisuelle bestillingstenester:

  • For audiovisuelle bestillingstenester som ligg tilgjengeleg på det tidspunktet lova tre i kraft, inkl. f.eks. tilgjengeleg arkivmateriale på NRK.no og TV2.no, vil plikta til å fastsetje aldersgrenser i samsvar med dei nye aldersgrensene først tre i kraft frå 1. juli 2016.Med andre ord vil plikta til å aldersklassifisere etter dei nye aldersgrensene i fyrste omgang berre gjelde materiale som blir publisert etter 1. juli i år.

  • Tekniske vernetiltak for audiovisuelle bestillingstenester krev teknisk utvikling og implementering og tre derfor ikkje i kraft før 1. januar 2016.

Bakgrunn

Lova inneheld reglar for vising og anna tilgjengeleggjering av filmar og program på tv, nett-tv, offentlege framvisingar, inkludert kino, og dvd.Lova stiller blant anna krav til at bransjeaktørar må setje aldersgrense på eige innhald og innfører ein informasjons- og merkeplikt.Vidare blir nye aldersgrensekategoriar innførte; Tillatt for alle, 6 år, 9 år, 12 år, 15 år og 18 år.

Nærmare informasjon om lova finn du på våre nettsider.

Offisielt frå statsråd 12. juni 2015

Eventuelle spørsmål om lova kan sendast per epost til beskyttelsesloven@medietilsynet.no

Kontaktpersonar: Eva Liestøl og Line Langnes