Nytt fra Medietilsynet
Radiodigitalisering skjer i 2017
Regjeringa har no konkludert med at vilkåra for teknologiskiftet er innfridde. Det blir dermed ei FM-sløkking i Noreg i 2017. Sløkkinga vil bli gjennomførd regionvis. Dei fleste lokalradioar vil kunne fortsetje på FM også etter 2017.
Sløkkevedtak
Kulturminister Torhild Widvey uttaler i ei pressemelding at digitaliseringa av radioen opnar for eit langt større mangfald av radiokanalar som vil kome lyttarar i heile landet til gode.Statsråden uttaler vidare at digitaliseringa opnar for auka konkurranse, og auka moglegheiter for innovasjon og utvikling. Les Kulturdepartementets pressemelding her.
– Medietilsynet tar regjeringa si avgjerd til etterretning, seier Line Langnes i Medietilsynet. – Tilsynet vil fortsetje oppgåva si med å informere befolkninga om overgangen frå analog til digital radio. Vi vil også fortsetje dialogen vi har hatt med både radio, bil- og elektronikkbransjen gjennom fleire år.
Regionvis sløkking
FM-sendingane vil bli sløkka regionvis etter følgjande plan:
Nordland |
Felles |
11.01.2017 |
Trøndelag, Møre og Romsdal |
NRK P4, Radio Norge, lokalradio |
08.02.2017 21.04.2017 |
Telemark, Buskerud, Hedmark og Oppland |
NRK P4, Radio Norge, lokalradio |
26.04.2017 16.06.2017 |
Sogn og Fjordane, Hordaland, Rogaland og Agder |
NRK P4, Radio Norge, lokalradio |
21.06.2017 15.09.2017 |
Østfold, Vestfold, Oslo, Akershus |
NRK P4, Radio Norge, lokalradio |
20.09.2017 08.12.2017 |
Troms og Finnmark |
Felles |
13.12.2017 |
Lokalradio
Dei fleste lokalradioane vil kunne fortsetje å sende på FM også etter 2017.Berre enkelte større, kommersielle lokalradioar vil måtte bli heildigitale.Kven dette er, og andre rammevilkår for lokalradio etter 2017, vil bli behandla av Stortinget i løpet av våren.Det er venta at Kulturdepartementet vil leggje fram ei eiga stortingsmelding om lokalradio i løpet av kort tid.
Fakta – dette er sløkkevilkåra som nå er oppfylte:
- NRK må ha ei dekning tilsvarande P1-dekning på FM i dag, som er 99,5 prosent
- Dei kommersielle radiokanalane må ha 90 prosent befolkningsdekning
- Dei digitale radiokanalane må gi ein innhaldsmessig og teknologisk merverdi for lyttarane
-
Det må finnast rimeleg og teknisk tilfredsstillande løysing for radiomottak i bil.Presisering frå 2013: Alle landets fylke og minst halvparten av alle kommunar, må ha tilbod om ettermontering på plass
- Minst halvparten av radiolyttarane må dagleg høyre på ein digital plattform (lyttarkravet omfattar radiolytting på all teknologi som formidlar digital radio. Kriteriet er formulert på denne måten for å fange opp kor modne lyttarane er for å ta i bruk digital distribusjonsteknologi)