Nytt fra Medietilsynet
Medietilsynets årsrapport 2015
Utviklinga i media og i medieforvaltninga raste vidare i 2015. Ei ny lov, ei lov i oppløysning, fleire regelverk i endring og eit medielandskap som stadig blir meir markedsstyrt. Her er Medietilsynets årsrapport 2015.
I årsrapporten får du innblikk i korleis Medietilsynet er organisert – og korleis vi nyttar våre ressursar og verkemiddel. Rapporten gjer eit forsøk på å gi eit innblikk i dei viktigaste sakne kring media i 2015, sett med Medietilsynets auge. Du får sjå kva for tilsyn som blei gjennomførte, kva for rettleiingar og publikasjonar vi har gitte ut, kven som mottok kor mykje i stønader og tilskot – og kva som ligg til grunn for vår tilsynsmetodikk.
– Ein av milepælane i 2015 var innføringa av den nye lova om vern av barn og unge mot skadelege biletprogram. Tanken er her at det skal vere det same vernet anten dei unge møter programma på kino, fjernsyn eller andre plattformar, seier direktør Tom Thoresen i leiarens introduksjon.
Skjelpaddar og medieeigarskap
I år har vi valt ut to tema å fordjupe oss i. Det eine er prosessen med den nye biletprogramlova som blei innført i 2015. Arbeidet mot ein ny og endra lov er spennande, utfordrande og går treigt, og vi beskriv korleis dette har blitt gjennomført. I artikkelen samanliknar vi oss med den treige skjelpadda, i møte med den raske medieutviklinga, som da blir haren i likninga.
Det andre temaet er ei forteljing om mediekonsern og eigarskap i Noreg. Sjølv om utviklinga kanskje går i retning av at produsenten av redaksjonelt innhald blir vanskelegare å identifisere for deg som mediebrukar, blir ikkje behovet for kjennskap om avsendaren av innhaldet mindre viktig. Vi spør: Betyr det noko om vi kjenner til kven som eig media?
Kva for konsekvensar har endringar i medieøkonomien og internasjonale forhold for Medietilsynets bidrag til mangfald? Dette er spørsmålet Medietilsynet tar med seg inn i arbeidet i 2016.
Vi ynskjer god lesning av vår heildigitale rapport!
For meir informasjon, ta kontakt med Rita A. Brudalen-Adriansen
I mange høve ser vi stendig klårare at måla ligg faste, men at verkemidla endrar seg. Samstundes vert oppgåva som hjelpar og rådgjevar for Kulturdepartementet òg stendig meir sentral. Det gjeld på mange område.