Nytt fra Medietilsynet
Støttegrupper kan søkje om tilskot frå Lotteritilsynet
Frivillige støttegrupper for speleavhengige, og andre organisasjonar som særleg rettar verksemda mot problematisk speleåtferd, kan søkje om økonomisk støtte. Søknadsfristen er 31. januar 2016.
Kan søkje no
Følgjande grupper kan søkje om drifts- og/eller prosjekttilskot:
- Frivillige støttegrupper som har eit tilbod retta mot speleavhengige eller andre med problematisk speleåtferd
- Frivillige støttegrupper som har eit tilbod retta mot pårørande til speleavhengige
- Andre organisasjonar som arbeider med problemstillingar knytta til speleavhengighetsproblematikk / problematisk speleåtferd
Pengespel og dataspel
Tilskotsordninga gjeld for både pengespel og dataspel. Vi skiljer mellom drifts- og prosjektstøtte. Frivillige organiserte støttegrupper eller andre organisasjonar som berre arbeider med problematisk speleåtferd er eit godt supplement til helseapparatet og offentlege myndigheiter. Desse kan få økonomisk driftstøtte.
Frivillige organisasjonar som arbeider særleg med problematisk speleåtferd, der målet med konkrete aktivitetar er å bidra til å hjelpe, førebyggje eller på anna måte gjere kunnskap om speleproblem kjent, kan søkje om prosjektstøtte. Prosjektstøtta er ei engongstildeling.
Sjå meir detaljert informasjon og krav til søknad på Lotteritilsynets nettside.
Les meir om problemspeling og dataspel for barn og unge her.