1. Startsiden
  2. Nyheter
  3. Nyheitsarkiv
  4. Aktuelt 2017

Nytt fra Medietilsynet

Oppdater kanallista på din radio

Den 11. januar, kl. 11.11, blei FM for riksdekkjande radiosendingar sløkte i Nordland. Du kan framleis lytte til lokalradio på FM. Hugs at det bør gjerast ein rescan av alle DAB/DAB+-radioar i heile landet i dag.

Husk å oppdatere kanallista på din digitalradio

 

I tillegg til sløkkinga i Nordland fylke har NRK natt til onsdag utført fleire endringar på sendarnettet til kanalane sine.Fleire av kanalane skal no ha betre dekning enn tidlegare, og alle kanalene til NRK blir no sende på DAB+.I tillegg har det blitt lansert fleire nye radiokanalar.

 

Alle blir tilrådd å oppdatere kanallista på sitt DAB/DAB+-radioar, sidan dette ikkje blir gjort automatisk på alle radioar.Dette kan gjerast på fleire måtar avhengig av kva radio du har.Sjå etter ein knapp på radioen der det står "scan", "rescan", "fullscan" eller "autotune".For somme kan det også vere nødvendig å gjenopprette fabrikkinnstillingane.Då må du sjå etter valet som heiter "factory reset".

NRK har laga ein instruksjonsfilm som viser deg korleis du oppdaterer kanallista. Dersom du skulle ha problem med din radio sjølv etter du har oppdatert kanallista, kan du kontakte NRKs publikumsservice på telefon 23 04 70 00.

Neste FM-sløkking

Trøndelag og Møre og Romsdal er dei neste som står for tur til å bli heildigitale radiolyttarar.Allereie 8. februar sløkkjer NRK i desse fylka, mens dei kommersielle kanalane sløkkjer 21. april. 

Mange lokalradioar vil fortsette å sende på FM. Du kan også sjå ei fullstendig oversikt over kva kanalar som blir tilgjengelige der du bur på Radio.no.

Råd til digitale radiolyttarar

Dersom du opplever problem med digitalradioen din, tilrår vi deg å sjå på oversikta på vår nettside om digitalradio. Her finn du tips om blant anna antennemontering, kanalsøk, gjenvinning av FM-radioar og DAB i bil.

Du finn også mye nyttig informasjon om DAB på både NRKs nettsider og Radio.no.