Nytt fra Medietilsynet
Årsmelding for lokalkringkasting for 2017
Skjema for årsmelding for lokalradio og lokal-tv for 2017 er no klart. Alle konsesjonærar på FM, anleggskonsesjonærar på DAB og lokal-tv-konsesjonærar skal levere årsmelding.
Årsmeldingane skal gi bransjen og styresmaktene nødvendig informasjon om tilstanden i bransjen. Kvaliteten på dei meldingane vi får er avgjerande for å kunne gi eit riktig bilete.
For anleggskonsesjonærar på DAB er det eit vilkår i konsesjonsvedtaket med plikt til å levere ein rapport til Medietilsynet om verksemda frå det førre året innan 1. april kvart år. Dette skal frå i år gjerast på fastsette skjema.
Om du har fleire konsesjonar må du levere separat årsmelding for kvar konsesjon inkluderte separate nøkkeltal for økonomien.
Skjema og rettleiingar finn du her
- Skjema for lokalradio på FM og lokal-tv finn du her
- Skjema for anleggskonsesjonærar på DAB finn du her
- Vi viser til § 7-11 i kringkastingsforskrifta som pålegg konsesjonærane på FM og lokal-tv å sende årsmelding om si verksemd innan 1. april kvart år.
- Medietilsynet har sendt brev til den einskilde kringkastar per e-post.
- Frist for innlevering er 10. april 2018.
For meir informasjon, kontakt Robin Welhaven Føyen eller Tone Haugan-Hepsø