1. Startsiden
  2. Nyheter
  3. Nyheitsarkiv
  4. Aktuelt 2018

Nytt fra Medietilsynet

Over to millionar kroner fordelte i distribusjonstilskot til aviser i Finnmark

Kvinne leser avis. Foto: Medieitilsynet

Til saman 12 aviser i Noregs nordligste fylke får distribusjonstilskot i 2018.

Topografi, spreidd busetnad og klima gjer avisdistribusjon kostnadskrevjande i Finnmark. For å lette på dei økonomiske ekstrabyrdane desse avisene har, innvilgar Medietilsynet eit eige distribusjonstilskot til aviser i dette fylket. Tilskotet blir gitt på grunnlag av tal dokumenterte postdistribuerte papireksemplar av avisene.

– Det er eit viktig prinsipp at vi legg til rette for at både medium og befolkning har likeverdige forhold for distribusjon, som også er ein del av mediemangfaldet, seier direktør i Medietilsynet, Mari Velsand.

Her er oversikta over aviser og distribusjonstilskot for 2018:

Altaposten

 kr              94 621

Ávvir

 kr             179 884

Finnmark Dagblad

 kr             405 633

Finnmarken

 kr             484 370

Finnmarksposten

 kr               24 572

Hammerfestingen

 kr               47 820

Kronstadposten

 kr                 4 157

Kyst og Fjord

 kr             102 305

Ruijan Kaiku

 kr                 5 427

Ságat

 kr             537 788

Sør-Varanger Avis

 kr             188 066

Østhavet

 kr               60 358

   

Budsjettramme kr

             2 135 000

Distribusjonstilskotet for aviser i Finnmark er ei av fleire stønads- og tilskotsordninger som Medietilsynet forvaltar for mangfald i mediene i Norge.

For spørsmål, ta kontakt med Hanne Nistad Sekkelsten