Nytt fra Medietilsynet
Kulturminister Trine Skei Grande opnar Safer Internet Day-konferansen 2018
Tirsdag 6. februar arrangerer Medietilsynet Safer Internet Day-konferansen 2018 i Oslo. Trine Skei Grande opnar konferansen som skal handle om korleis vi kan hjelpe barn og unge på nett.
Vi i Medietilsynet er glade for at statsråden viser engasjement for mediekvardagen til barn og unge når vi markerer Safer Internet Day.
Saman med Kors på halsen, IKT-Norge, Redd Barna, UNICEF Norge og Utdanningsdirektoratet arrangerer vi #SIDNorway2018 der du blant anna møter Helsesista, Facebook, Slettmeg.no og fleire.
Medietilsynets direktør Mari Velsand vil legge fram nye tal frå den kommande Barn og medium-undersøkinga 2018 – om opplevingane barn og unge har mobbing og andre ubehagelege hendingar på nett, i kva grad dei søker hjelp og kven dei då går til.
Om du ikkje har fått plass på SID-konferansen, kan du følge dagen via strauming på våre nettsider.