Nytt fra Medietilsynet
Statsbudsjett 2020: Støtta til media aukar med 50 millionar kroner
Regjeringa foreslår ein auke på til saman 50 millionar kroner i mediestøtte i statsbudsjettet for 2020. – Det er positivt at regjeringa aukar støttenivået i ein krevjande omstillingsperiode for mediebransjen, seier Mari Velsand, direktør i Medietilsynet.
Dei 50 millionane som er foreslåtte i auka mediestøtte skal fordelast slik:
• 40 millionar kroner i auka produksjonstilskott, der ti millionar av auken er kompensasjon for pris- og lønnsvekst
• Ti millionar kroner i ekstra innovasjonsstøtte, med bakgrunn i konsekvensar omlegginga i postomberinga har for avisene
Medietilsynet meiner auka støtte er viktig
Blir forslaget til regjeringa vedtatt, skal Medietilsynet fordele 358 millionar kroner i produksjonstilskott og 20 millionar kroner i innovasjonsstøtte neste år. I år fordeler Medietilsynet 318 millionar kroner i produksjonstilskott og ti millionar kroner i innovasjonsstøtte.
Ein rapport Medietilsynet nyleg la fram, viser at over 70 prosent av inntektene til avisene framleis kommer frå papiravisa.
– Mange aviser har framleis ein lang veg å gå før dei digitale inntektene aleine kan finansiere journalistikken. Den auka støtta er derfor viktig for det vidare arbeidet med digitalisering og omstilling, seier Velsand.
Medietilsynet fordeler for første gong pengar til NRK
Medietilsynet forvaltar mediestøtteordningar der det til saman skal fordelast inntil 530 millionar kroner i 2019. Regjeringa foreslår å fordele nesten sju milliardar kroner i 2020. I summen inngår 6,4 milliardar kroner til NRK, som neste år for første gong får sine inntekter frå Medietilsynet når lisensordninga blir avvikla.
Støtteordning | 2019 (i 1000 kr) | Forslag 2020 (i 1000 kr) |
Tilskudd til NRK | 6 413 342 | |
Kompensasjon til kommersiell allmennkringkastar | 135 000 | 135 000 |
Produksjonstilskott | 318 000 | 358 100 |
Innovasjonsstøtte | 10 000 | 20 250 |
Tilskott til lokale lyd- og bildemedium | 19 870 | 20 400 |
Tilskott til samiske aviser | 33 770 | 34 630 |
Distribusjonstilskott til avisene i Finnmark | 2 190 | 2 250 |
Medieforsking og etterutdanning | 11 780 | 12 100 |
Totalt | 530 610 | 6 996 072 |
Medietilsynet får pengar til ny sekretariatsfunksjon
Frå 2021 blir det nye Mediestøtterådet oppretta. Rådet skal mellom anna fordele pengar mellom dei ulike støtteordningane, og Medietilsynet blir sekretariat for det nye rådet. For å førebu sekretariatsarbeidet har regjeringa foreslått å auke Medietilsynets driftsramme med ein million kroner. Vidare er det i forslag til statsbudsjett lagt opp til at Medietilsynet får penger til å gjennomføre Barn og medium-undersøkinga over sitt driftsbudsjett. Tidlegare har undersøkinga vore finansiert frå år til år gjennom eit spleiselag frå fleire departement.
– Eg er glad for at vi får ei langsiktig løysing for barn og medium-undersøkinga som er eit særs viktig utgangspunkt for Medietilsynet sitt arbeid med barn og deira mediebruk. Vidare er det positivt at vi får midlar til å opprette ei ny stilling som leiar for Mediestøtterådet sitt sekretariat, seier Mari Velsand.
Ti millionar meir til dataspel
Regjeringa har utarbeidd ein dataspelstrategi med mål og tiltak for dataspelpolitikken frå 2020 til 2022, der eit av måla er å løfte dataspel til å bli ein sjølvstendig og likeverdig fritidsaktivitet.
I statsbudsjettet for 2020 foreslår regjeringa å auke løyvinga til dataspelfeltet med ti millionar kroner.
For meir informasjon, ta kontakt med Nina Bjerke.