Nytt fra Medietilsynet
Medium: Nytt høve for å søke innovasjonsstønad
4. mars er søknadsfrist for innovasjonsstønad til medium. Årets pott er på ti millionar kroner. – Det var stor interesse for stønadordninga då den kom i fjor, og vi håper på like mange gode søknader i år, seier Mari Velsand, direktør i Medietilsynet.
Ordninga med innovasjonsstønad til nyheits- og aktualitetsmedium var ny i fjor, og då blei sju millionar kroner fordelte på 18 prosjekt. I år har Medietilsynet tre millionar kroner meir til fordeling. Målet med den nye ordninga er å fremje mediemangfald og ein opplyst offentleg samtale gjennom å stimulere til redaksjonell, innhaldsretta innovasjon og utvikling i nyheits- og aktualitetsmedium.
Stor interesse for innovasjonsstønad
I fjor kom det inn 71 søknader frå ulike medieverksemder, som til saman søkte om over 30 millionar kroner.
– Dei mange gode søknadene viser stor interesse og behov for ei slik stønadsordning. Det er derfor gledeleg at innovasjonsstønaden blei styrkt med tre millionar kroner i år. Det gir oss moglegheit til å gi støtte til fleire gode prosjekt, seier Velsand.
Innovasjons- og utviklingsstønaden blei innført av regjeringa etter forslag frå Mediemangfoldsutvalget, og blir forvalta av Medietilsynet.
Små, lokale medium blir prioriterte
Blant prosjekta som fekk stønad i fjor, var Bladet Sunnhordland, som ønskte å lage ei interaktiv og klikkbar oversikt med innhald frå avisa ved å bruke dronar. Lokalavisa Porten.no. i Indre Sogn ville utvikle ei ultralokal nettavis der kvar kommune får si eiga framside, mens lokalavisa Sunnmørsposten ønskte å teste ut ny arena for å tiltrekkje seg youtubarar.
Innovasjons- og utviklingsarbeid i små, lokale nyheits- og aktualitetsmedium skal prioriterast når stønaden blir fordelt. – Stønadordninga er særleg viktig for små medium med avgrensa midlar til å gjennomføre utviklingsarbeid på eiga hand, seier Velsand.
Fakta om innovasjonsstøtten
· Årets søknadsfrist er mandag 4. mars. 10 millioner kroner skal fordelast · Eit fagutval leia av førsteamanuensis Jens Barland utarbeider ei innstilling til Medietilsynet før tilsynet bestemmer kva prosjekt som får innvilga stønad · For å kunne søke stønad må mediet ha som hovudformål å drive journalistisk produksjon og formidling av nyheiter, aktualitetsstoff og samfunnsdebatt til befolkninga frå ulike samfunnsområde. Mediet må ha ein ansvarleg redaktør i tråd med Redaktørplakaten. Støtte til små, lokale medium blir prioritert. · Det kan gis tilskott til prosjekte som utvikler redaksjonelt innhald eller som utvikler eller implementerar nye løysingar for produksjon, publisering, spreiing eller konsum av redaksjonelt innhald. Prosjekt som kan vise til innhaldsretta innovasjon framfor rein redaksjonell kapasitetsauke, tekniske oppgraderingar eller kjøp av utstyr, stiller sterkare i utveljingsprosessen · Flere medium kan gå saman om å søke om midlar til fellesprosjekt, og den som søker kan samarbeide med aktørar utanfor bransjen for å realisere prosjektet. Det kan også gis stønad til forprosjekt. |
For pressehenvendingar, ta kontakt med Nina Bjerke.