Nytt fra Medietilsynet
13 aviser i Finnmark får til saman 2 250 000 kroner i distribusjonstilskott for 2020
Den enkelte avisa får utrekna distribusjonstilskottet ut frå kor mange aviseksemplar som blei distribuerte med post til abonnentar i 2019.
Topografi, spreidd busetnad og klima gjer avisdistribusjon kostnadskrevjande i Finnmark. Det er derfor eit eige distribusjonstilskott til aviser i dette fylket.
Aviser i Finnmark kan søke distribusjonstilskott i tillegg til produksjonstilskott. Distribusjonstilskottet blir fastsett ut frå kor mange aviseksemplar som blir distribuerte med post til abonnentar i Noreg.
Distribusjonstilskottet for 2020 er fordelt slik:
Avis | Beløp |
Altaposten | 87 654 |
Ávvir | 261 185 |
Finnmark Dagblad | 376 069 |
Finnmarken | 428 830 |
Finnmarksposten | 49 358 |
Hammerfestingen | 29 279 |
Kronstadposten | 15 382 |
Kyst og Fjord | 106 491 |
Ruijan Kaiku | 6 330 |
Ságat | 586 706 |
SÁMi magasiidna | 66 090 |
Sør-Varanger Avis | 167 420 |
Østhavet | 69 207 |