Nytt fra Medietilsynet
Høyring av auksjonsreglar til Riksblokk II
Fleire har søkt om anleggskonsesjon og frekvensløyve for Riksblokk II. Dermed skal løyvinga for å drive sendaranlegg for digital radio gjennom Riksblokk II bli gjennomført ved pengeauksjon. No er auksjonsreglane lagde ut på offentleg høyring med frist 11. november kl. 13.00.
Riksblokk II er ein nasjonal frekvensressurs som gis samla løyve til digital lydkringkasting. Det blir berre gitt ein anleggskonsesjon og eitt frekvensløyve.
Løyving ved pengeauksjon i desember 2020
Løyving av nasjonal frekvensressurs i Riksblokk II skjer ved pengeauksjon, som etter planen skal gjennomførast i desember 2020. Etter fristen 1. september var det komne inn fleire søknader til den nasjonale frekvensressursen i Riksblokk II. Det resulterte i løyving av Riksblokk II ved pengeauksjon. Ved ein pengeauksjon vil også andre enn dei opphavlege søkjarane få moglegheit til å delta.
Frist for registrering til auksjon 24. november
Nasjonal kommunikasjonsmyndighet (Nkom) og Medietilsynet oppfordrar potensielle deltakarar å starte arbeidet med registreringsdokumentasjon i god tid før søknadsfristen. Dette for å sikre tilstrekkeleg behandlingstid ved innhenting av bankgaranti.
Søknad om spekterløyve blir behandla av Nkom, og søknad om anleggskonsesjon blir behandla av Medietilsynet.
Meir informasjon om høyringa finn du på Nkom sine sider
Ta kontakt med Pia Braadland (pia@nkom.no) og Nicolay Eckhoff (nec@nkom.no) i Nkom dersom du ønsker meir informasjon.