Nytt fra Medietilsynet
Medietilsynet held ved lag avslaget på støttesøknaden frå Dagbladet Pluss: Saka går til Medieklagenemnda
Medietilsynet held ved lag avslaget på søknaden frå Dagbladet Pluss om produksjonstilskott etter å ha behandla klaga frå selskapet. – Etter å ha vurdert saka grundig meiner vi framleis at Dagbladet Pluss ikkje oppfyller krava til formål og innhald for støtteordninga, seier direktør Mari Velsand i Medietilsynet. Klaga går no vidare til Medieklagenemnda.
Dagbladet Pluss søkte om produksjonstilskott for første gong i fjor, men Medietilsynet avslo søknaden etter å ha konkludert med at publikasjonen ikkje oppfyller krava til formål og innhald for å få slik mediestøtte.
Medietilsynet held ved lag avslaget på søknaden om støtte
Produksjonstilskottet er den største av dei direkte mediestøtteordningane. Formålet med ordninga er å legge til rette for den breie samfunnsdebatten, og å halde befolkninga breitt og generelt orientert om ulike samfunnsspørsmål.
Forskrifta har fleire vilkår som alle må vere oppfylte for at ein publikasjon skal kvalifisere til produksjonstilskott. For å få støtte må blant anna hovudformålet med publikasjonen vere å formidle nyheiter, aktualitetsstoff og samfunnsdebatt til allmenta, og publikasjonen må ha eit breitt tilbod av nyheits-, aktualitets- og debattstoff frå ulike samfunnsområde.
– Etter grundige analysar og vurderingar kom Medietilsynet fram til at Dagbladet Pluss som sjølvstendig medium ikkje oppfylte vilkåra om formål og innhald. Etter å ha gått grundig gjennom klaga frå Dagbladet Pluss meiner vi at vurderinga vår framleis står seg. Medietilsynet held derfor avslaget på søknaden ved lag, seier Velsand.
Medietilsynet finn ikkje grunn til å oppheve eller endre vedtaket
I klaga si argumenterer Dagbladet Pluss for at vedtaket om avslag på produksjonstilskott i 2019 er ugyldig og må gjerast om. Dagbladet Pluss meier at Medietilsynet har tolka og brukt forskrifta feil, at tilsynet har lagt feil fakta til grunn, at innhaldsanalysen frå Høgskulen i Volda inneheld feil og manglar, at Medietilsynet har forskjellsbehandla Dagbladet Pluss frå andre søkjarar, og at det er feil ved saksbehandlinga.
– Medietilsynet har vurdert merknadene frå Dagbladet Pluss, men meiner at dei ikkje gir grunnlag for å oppheve eller endre vedtaket som det blir klaga på. Vi har gitt publikasjonen medhald i at nokre artiklar i analysen til Høgskulen i Volda var koda feil, og desse er no koda om. Vurderinga vår er likevel at sjølv med desse endringane har Dagbladet Pluss for få dagsaktuelle og politisk relevante artiklar for å kvalifisere for støtte, seier Velsand.
Fakta om produksjonstilskottet
- Produksjonstilskottet skal bidra til eit mangfald av nyheits- og aktualitetsmedium over heile landet
- Ordninga er særleg retta mot medium i marknader som er for små til å vere berekraftige, og medium som er alternativ til dei leiande media i større marknader
- Produksjonstilskottet skal korrigere for marknadssvikt for mindre nyheitsmedium og nummer to-medium i slike marknader
- Medietilsynet skal fordele 358 millionar kroner i produksjonstilskott i år
- Produksjonstilskottet blei fordelt for første gong i 1969
- Ordninga er plattformnøytral og likestiller papir- og nettaviser
Les innstillinga frå Medietilsynet til Medieklagenemnda om klaga frå Dagbladet Pluss her.
Les meir om produksjonstilskottet på Medietilsynets nettsider.