Nytt fra Medietilsynet
Medietilsynet opnar for søknader: 20 millionar kroner til innovasjonsprosjekt
Medietilsynet skal fordele 20,9 millionar kroner i innovasjonsstøtte i 2021, og opnar no for søknader. – Innovasjonsstøtta skal gjere det lettare å digitalisere og drive innovasjon, særleg for små, lokale nyheits- og aktualitetsmedium, seier Mari Velsand, direktør i Medietilsynet.
Støtteordninga skal særleg stimulere til redaksjonell, innhaldsretta innovasjon og utvikling i nyheits- og aktualitetsmedium, og små, lokale medium er prioriterte.
– Tidlegare har Medietilsynet delt ut midlar til blant anna til 3D-journalistikk, utvikling av lydavis og prosjekt for å nå og engasjere unge lesarar. Vi ser at innovasjonsstøtta gjer det mogleg å utvikle spennande nysatsingar, som elles kanskje ikkje hadde blitt realiserte, seier Velsand.
Om lag halvparten av midlane skal gå til aviser som har behov for omstilling og digitalisering, etter endringa i postlova som førte til færre omdelingsdagar.
Søknadsfrist er 26. januar 2021
Støtteordninga skal fremme journalistisk innovasjon og digitalisering.
– Det kan for eksempel vere redaksjonell, innhaldsretta innovasjon, tekniske oppgraderingar eller tiltak som kjem minoritetar og grupper som ikkje aktivt sjølv søker nyheiter, til gode. Tiltak som fremmar design eller datastøtta journalistikk, kan også få støtte, seier Velsand.
Støtta kan ikkje overstige 40 prosent av prosjektkostnadane, men prosjekt som rettar seg mot små, lokale nyheits- og aktualitetsmedium kan få støtte for inntil 50 prosent av prosjektkostnadane. Fleire kan gå saman om å søke om tilskott til fellesprosjekt.
Fristen for å søke innovasjons- og utviklingsstøtte for 2021 er 26. januar 2021.
Søk via Medietilsynets søknadsportal Min side her
Her kan du lese meir om støtteordninga
Fakta om innovasjonsstøtta
- Støtteordninga tredde i kraft 1. juli 2018.
- Ordninga skal fremje mediemangfald og ein opplyst offentleg samtale gjennom å stimulere til redaksjonell, innhaldsretta innovasjon og utviklinginyheits- og aktualitetsmedium.
- Ordninga er særleg retta mot små, lokale nyheits- og aktualitetsmedium.
- Frist for å søke støtte for 2021 er 26. januar 2021. I framlegget til statsbudsjett for 2021 ligg det 20,9 millionar kroner til ordninga, og pengane blir fordelte i éin tildelingsrunde.
- Aviser som får utfordringar med distribusjonen på grunn av færre postomdelingsdagar, kan få støtte til digitalisering og omstilling gjennom ordninga.
- Prosjekt som rettar seg mot innvandrarar, språklege minoritetar og som er retta mot tenester for personar med funksjonsnedsettingar, blir prioriterte.
For spørsmål om innovasjonsstøtteordninga, ta kontakt med Heidi Schau-Hvatum.
For pressespørsmål, ta kontakt med Nina Bjerke.