Nytt fra Medietilsynet
Medietilsynet.no. går over til skya måndag 14. desember
Medietilsynet skal flytte nettsidene over til ei skybasert teneste. I samband med dette kan nettsida opplevast som noko ustabil eller ha noko nedetid mellom 09.00 og 11.00 måndag 14. desember.
Medietilsynet har dei siste åra gjort fleire digitaliseringsgrep for dei ulike tenestene vi forvaltar. No flytter vi nettsidene over til ei skybasert løysing.
For brukarane våre vil ikkje dette opplevast annleis, men i det sjølve flyttinga blir gjennomført kan det vere noko nedetid eller nokre av sidene kan opplevast annleis eller mangelfulle. Dette vil bli retta innan kort tid.
Har du spørsmål eller noko du vil melde frå om som ikkje fungerer etter 09.00 måndag 14. desember, ta kontakt på info@medietilsynet.no.