Nytt fra Medietilsynet
No blir det høgare aldersgrense for dataspel som lærer bort eller glamoriserer gambling
Dataspel som inneheld opplæring i pengespel får heretter automatisk tilrådd aldersgrense på 18 år. – Medietilsynet har jobba for ei høgare aldersgrense på denne typen spel, og ønskjer dette tiltaket velkomen, seier direktør Mari Velsand.
Det er den europeiske bransjeorganisasjonen PEGI (Pan European Game Information) som no har bestemt at alle dataspel som inneheld former for opplæring i eller glamorisering av pengespel skal ha ei tilrådd aldersgrense på 18 år. PEGI organiserer systemet for alders- og innhaldsmerking av dataspel i Europa.
Medietilsynet er glad for at tilrådd aldersgrense blir heva
– Medietilsynet meiner ei høgare tilrådd aldersgrense på denne typen spel kan bidra til å verne sårbare grupper som barn og unge, seier Velsand. Spela det gjeld er for eksempel spel som poker, roulette og black jack. Tidlegare har desse spela hatt ei alderstilråding på minimum 12 år, mens spela no altså automatisk får 18 års-grense.
Medietilsynet er oppteken av at foreldre får best mogeleg informasjon om innhaldet i spela før dei kjøper dei.
– Å heve tilrått aldersgrense er ei tydeleg melding til foreldre om at desse spela ikkje er eigna for dei yngste, seier Velsand.
Ikkje tilbakeverkande regel
Den nye regelen gjeld for nye spel og har ikkje tilbakeverkande kraft. Spel som er nær lansering får seks månader på å gjere dei nødvendige endringane dersom dei ønskjer å unngå aldersmerking 18 år.
Aldersmerking av dataspel gjennom PEGI starta i 2003. Målet var å gjere det enklare for foreldre å orientere seg om spel og ta avgjerder når dei kjøper spel til barna sine. Systemet blir nytta i dag av meir enn 35 land. Medietilsynet representerer Noreg i PEGI-rådet.
Dei aller fleste spel som blir utgitte i Europa blir merka med alderstilråding frå PEGI. Merkeordninga blir nytta av dei fleste store spelselskapa, inkludert Microsoft, Nintendo og Sony. Google Play bruker også denne merkinga, mens App Store har si eiga ordning.
Les meir om merkeordning for dataspel på Medietilsynets sider