Nytt fra Medietilsynet
Stor interesse for informasjon frå Medietilsynet om falske nyheiter
Medietilsynet nådde rekordmange med råd og informasjon om falske nyheiter i fjor, går det fram av årsrapporten frå tilsynet. – I ei undersøking vi gjorde no i mars, sa halvparten av dei som var spurde, at dei har sett falske nyheiter om koronaviruset. Det er eit eksempel på kor viktig det er med tiltak som kan auke den kritiske medieforståinga i befolkninga, seier direktør Mari Velsand i Medietilsynet.
Medietilsynet gjennomførte i 2019 for første gong ei stor undersøking om kritisk medieforståing i den norske befolkninga. Undersøkinga avdekte blant anna at dei over 60 år er særleg sårbare for falske nyheiter og desinformasjon på grunn av manglande digitale ferdigheiter.
I løpet av den første veka med nasjonale tiltak knytte til koronaviruset oppgav halvparten av dei som Medietilsynet spurde i undersøkinga, at dei hadde sett falske nyheiter om korona.
– Ei krise som den vi har stått i no, viser at det er heilt avgjerande å ha redaktørstyrte medium vi kan stole på, som vidareformidlar viktig informasjon, stiller kritiske spørsmål og sørger for at ulike synspunkt kjem fram, seier Velsand.
Kampanje for å styrke kritisk medieforståing hos dei eldre
Som eit resultat av undersøkinga som kartla den kritiske medieforståinga i befolkninga, gjennomførte Medietilsynet blant anna ein digital kampanje i samarbeid med Landslaget for lokalaviser (LLA) og Faktisk. Kampanjen, som hadde som mål å gjere dei eldre betre rusta til å avsløre falsk informasjon, nådde 780 000 personar. 65 prosent som svarte på ein quiz i samband med kampanjen, sa at dei hadde lært noko nytt. – Dette viser at arbeidet vårt har effekt, seier Velsand. Medietilsynet sette nyleg i gang ein ny kampanje mot falske nyheiter og desinformasjon som følge av korona-situasjonen.
Medietilsynet nådde 77 000 elevar med undervisningsopplegg om falske nyheiter
I løpet av fjoråret utvikla Medietilsynet også fleire undervisningsopplegg og verktøy for foreldre og andre som jobbar med barn og medium.
– Undervisningsopplegget vårt om falske nyheiter og kritisk medieforståing for ungdomsskolen blei lasta ned godt over tre tusen gonger i løpet av 2019. Vi anslår at omtrent 77 000 ungdommar har fått styrkt den kritiske medieforståinga si gjennom opplegget, seier Velsand. Medietilsynet utvikla også eit dialogverktøy til bruk på foreldremøte i småskolen, og anslår at cirka tre tusen foreldre gjennom dette har auka kompetansen sin om digital rettleiing av barn.
Nesten 400 millionar kroner blei betalte ut i mediestøtte i 2019
Til saman fordelte Medietilsynet nesten 400 millionar kroner i direkte mediestøtte i 2019, fordelte på drift, forsking, innovasjon og digitalisering. 284 aviser, radio- og tv-kanalar fekk støtte. Medietilsynet forvaltar også kompensasjon til kommersiell allmennkringkasting, som TV 2 har inngått avtale med staten om. Her er summen for 2019 inntil 135 millionar kroner, men endeleg avrekning og utbetaling skjer først når Medietilsynet har vurdert om TV 2 har levert i tråd med forpliktingane i avtalen.
– Eitt av dei viktigaste måla for Medietilsynet er å bidra til at nordmenn har tilgang til eit mangfald av redaksjonelle medium av høg kvalitet. I dette bildet er ulike mediestøtteordningar viktige, seier Velsand.
Medietilsynet har også ansvar for å sjå til at medieaktørane følger gjeldande regelverk, blant anna i kringkastings- og bildeprogramlova. I 2019 blei det gjennomført 20 kontrollar på ulike område.
– Vi kontrollerte blant anna om aktørane følger reglane om reklame, reglane om kor mykje reklame det er lov å sende på tv, korleis innhaldet på YouTube-kanalane skal aldersmerkast, og om filmfestivalane og filmleigetenestene set aldersgrensene på rett måte. Kontrollane viste at dei aller fleste følger regelverket, seier Velsand. Medietilsynet gav i 2019 fire sanksjoner i form av gebyr.
Utdrag av aktivitetane i Medietilsynet i 2019:
- fordelte 396 millionar kroner i tilskott gjennom ulike mediestøtteordningar til 284 aviser, radio og tv-kanalar
- kontrollerte at medieaktørane følgde lov- og regelverket gjennom 20 tilsyn, blant anna gjennom kringkastingslova og bildeprogramlova. Fire gebyr blei gitt for brot på regelverket.
- førte tilsyn med at NRK og TV 2 oppfyller krava til allmennkringkasting
- gjennomførte for første gong ei undersøking om kritisk medieforståing i befolkninga
- utvikla råd og verktøy blant anna relatert til barn og medium – dei ulike ressursane blei lasta ned frå Medietilsynets nettsider eller sende ut meir enn 35 000 gonger
- utarbeidde undervisningsopplegg om falske nyheiter for ungdomsskoleelevar i samarbeid med Faktisk.no
- arrangerte Safer Internet Day, som skal fremme trygg og ansvarleg bruk av digital teknologi, særleg blant barn og unge
- blei omtalt i over 2800 mediesaker
- lanserte eigen podkast – «Den norske mediepodden»
- gjennomførte ti eigne arrangement
- gjennomførte 20 kontaktmøte med aktørar i mediebransjen og andre samarbeidspartnarar
- digitaliserte søknadsprosessar og etablerte ei «mi side»-løysing for enklare samhandling med brukarane
- sette aldersgrense på 297 kinofilmar
Om Medietilsynet
- Medietilsynet skal bidra til å realisere staten sitt mediepolitiske mål, og er underlagt Kulturdepartementet.
- Våre hovudoppgåver er å fremme demokrati og ytringsfridom gjennom å jobbe for mediemangfald og kritisk medieforståing. Vi rettleier om barn og unge sin bruk av digitale medium, set aldersgrenser for kinofilm, forvaltar støtteordningar, behandlar søknader om pressestøtte og fører tilsyn med kringkasting.
- I 2019 var det i gjennomsnitt for året 35 medarbeidarar i verksemda – 23 kvinner og 12 menn.