Nytt fra Medietilsynet
Medietilsynet har fordelt 21 millionar kroner: Nesten halvparten av årets innovasjonsstøtte går til små, lokale medium
Små, lokale nyheits- og aktualitetsmedium får vel 40 prosent av potten når Medietilsynet har fordelt årets innovasjonsstøtte på 21 millionar kroner. – Støtta skal særleg fremme redaksjonell, innhaldsretta innovasjon og utvikling i små, lokale nyheits- og aktualitetsmedium, og det har vi tatt omsyn til i tildelinga, seier Mari Velsand, direktør i Medietilsynet.
Målet med innovasjonsstøtta er å styrke det norske mediemangfaldet og den opplyste offentlege samtalen gjennom å stimulere til redaksjonell, innhaldsretta innovasjon og utvikling i nyheits- og aktualitetsmedium.
Støtta på omkring 21 millionar kroner går i år til 53 ulike prosjekt. Medietilsynet fekk inn 89 søknader i årets søknadsrunde, og det blei til saman søkt om 44 millionar kroner.
Over 40 prosent av midlane går til små, lokale nyheits- og aktualitetsmedium
Totalt får dei små, lokale nyheits- og aktualitetsmedia ni millionar kroner, som tilsvarer litt over 40 prosent av midlane som blir delte ut i år.
Den lokale nettavisa Vårt Oslo er blant dei små, lokale media som får midlar i år. Avisa får støtte til å utvikle ein app som skal gjere nyheitene og reportasjane i avisa betre kjende og meir tilgjengelege, og som skal vere ein kanal for tilbakemeldingar og tips frå lesarane. Også fleire lokale radiostasjonar får støtte, for eksempel får Radio Metro pengar til eit nytt system for å produsere, publisere og distribuere sendingane sine.
Eit anna tiltak som særleg kjem små, lokale nyheits- og aktualitetsmedium til gode, er NTBs prosjekt «Nødetatene og varsling av pressen». Prosjektet skal forbetre informasjonsflyten mellom nødetatane og media når hendingar blir varsla.
Faktisk.no og Vest-Telemark blad får mest i støtte i år
Faktisk.no og Vest-Telemark blad er dei to aktørane som får mest innovasjonsstøtte i år, med over éin million kroner kvar. Faktisk.no får støtte til prosjektet «Faktisk innsikt», som skal utvikle metodar for datainnsamling og analyse av den norske digitale offentlegheita. Prosjektet skal overvake korleis feilinformasjon blir spreidd i nye kanalar, skaffe ei betre oversikt over den norske offentlege samtalen, nå ut til – og få innsikt i – dei plattformene folk i Noregkommuniserer på.
Vest-Telemark blad får støtte til prosjektet «Nyhende på framandspråk og til førstegongsveljarar med levande bilde». Målet er å særleg nå unge førstegongsveljarar ved årets stortingsval med levande bilde på nye plattformer.
Støtte til lydavis og nettavis på fleire språk
Innovasjonsstøtteordninga skal også prioritere aviser som har fått færre postomdelingsdagar, tenester for personar med funksjonsnedsetjing og prosjekt som er retta mot innvandrarar og språklege minoritetar.
Omtrent 38 prosent av midlane i år går til tiltak i aviser som er særleg ramma av færre postomdelingsdagar. Medietilsynet fekk i år få søknader om tilskott til tenester retta mot personar med funksjonsnedsetjingar og prosjekt som er retta mot særlege grupper som innvandrarar og språklege minoritetar. Totalt går 14 prosent av midlane til denne typen tiltak. Blant anna får avisa Vårt Land støtte til å etablere, utvikle og distribuere ei fullverdig lydavis som skal gi eit betre tilbod til blant andre synshemma, mens selskapet Silkeveien får støtte til å etablere ei nettavis på dei fire språka farsi, kurdisk, afghansk og lori.
Les meir om innovasjonsstøtta her
Desse prosjekta får støtte
Søker |
Prosjekt |
Innvilga beløp |
FAKTISK.NO AS |
Utvikle metodar for datainnsamling og analyse av den norske digitale offentlegheita gjennom Faktisk Innsikt. |
1 180 000 |
VEST-TELEMARK BLAD AS |
Nyhende på framandspråk og til førstegongsveljarar med levande bilde |
1 050 000 |
VÅRT LAND AS |
Business Intelligence/datavarehusprosjekt og personalisert redaksjonell styring og kundeoppleving (siste fase) |
1 000 000 |
AS NATIONEN |
Styrke den digitale satsinga for å forbetre den digitale posisjonen sin |
950 000 |
BØ BLAD AS |
Innhaldsanalyse for fire små lokalaviser |
900 000 |
DAG OG TID AS |
Nå fleire yngre lesarar, og blant anna forbetre det digitale tilbodet |
869 162 |
LANDSLAGET FOR LOKALAVISER |
Samarbeidande journalistikk og vidare digitalisering |
850 000 |
POLARIS MEDIA MIDT-NORGE AS |
Vidareutvikling av maskinlæring for redaksjonell utvikling |
768 160 |
NATT&DAG AS |
5 om dagen – nyheitsformidling som er skreddarsydd for målgruppa 18–34 år |
700 000 |
HITRA FRØYA LOKALAVIS AS |
Lokal inkluderingsteneste |
690 000 |
DØLEN AS |
Bli betre på og gjere meir gravande, kritisk og undersøkande journalistikk |
572 677 |
NHST MEDIA GROUP AS |
Robotjournalistikk |
560 000 |
AS SOGNINGEN/SOGNS AVIS |
Sinke til spydspiss – videoproduksjon |
540 000 |
MORGENBLADET AS |
Utvikle nye digitale flater for presentasjon og utvikling av journalistikk, og utvikle nytt innhald og nye måtar å presentere det på |
538 000 |
STAVANGER AFTENBLAD AS |
Resultatservice med bildegjenkjenning |
510 000 |
ALVDAL MIDT I VÆLA AS |
Flåklypa TV, vidareutvikling av nettavis med tv-sending |
500 000 |
STAVANGER AFTENBLAD AS |
Byas sjekker – eit ungt videoprosjekt |
500 000 |
JÆRRADIOEN AS |
Utvikle digitale løysingar for å oppnå ei meir lønnsam drift |
500 000 |
OS OG FUSAPOSTEN AS |
Korleis vinna lesarane mellom 20 og 40 år? |
500 000 |
THE INDEPENDENT BARENTSOBSERVER AS |
Uavhengig journalistikk med nye formidlingsformer i Barents grenseland |
438 800 |
SILKEVEIEN AS |
Etablering av nettavis på fire framandspråk |
437 752 |
HORDALAND BLADDRIFT AS |
Heve kvaliteten på journalistikken og auke talet på digitale abonnentar |
410 000 |
GRENDA AS |
Fornying av nettside og journalistikk |
400 000 |
VOL VESTERÅLEN ONLINE AS |
VOL Ung – lage nyheiter for og med unge |
400 000 |
MERKNAD AS |
Senter for datastøtta journalistikk |
362 800 |
OSLO BUSINESS MEMO AS |
Etablere journalistisk videomagasin (OBM Videomagasin) |
360 000 |
RADIO METRO AS |
Nytt system for å automatisere mange av dagens manuelle oppgåver |
358 000 |
JÆRBLADET AS |
Felles videoprosjekt mellom fire mindre aviser i same region for å nå yngre lesarar (SSGJ-videoprosjekt 2021) |
320 000 |
PERFEKTUM PARTISIPP AS |
Utvikle nye, innovative løysingar for å få meir tid til å produsere redaksjonelt innhald |
320 000 |
NORSK TELEGRAMBYRÅ AS |
Forbetring av informasjonsflyten mellom nødetatane og pressa ved varsling av hendingar |
310 400 |
ÅSANE TIDENDE AS |
Podcast / levande bilde |
287 500 |
SÁGAT-SÁMIID ÁVIISA AS |
Digitalisering av redaksjonell produksjon |
263 000 |
SKJÅK MEDIAUTVIKLING AS |
Digital utvikling i redaksjonen |
250 000 |
VÅRT LAND AS |
Lydavis |
240 000 |
FOSNA-FOLKET AS |
Vil utvide lesarkretsen med meir målretta styring av det redaksjonelle innhaldet i sosiale medium |
190 680 |
VÅRTOSLO AS |
Utvikle ein app, slik at fleire får tilgang på avisa |
190 000 |
BLADET VESTERÅLEN AS |
Utvikling av Valgomat for lokalaviser |
162 500 |
BØ BLAD AS |
Digital presentasjon av det internasjonale miljøet i Midt-Telemark kommune |
150 000 |
RAUMNES AS |
Direktesend video på nettsidene til lokalavisa |
150 000 |
Lokalradioens Venner (LRV) |
Omstilling til heildigitalisert drift og forbetring av lydkvaliteten |
145 000 |
SUNNMØRE LIVE AS |
Etablering av videopodkast |
130 000 |
TRØNDERBLADET AS |
Lokal strøyming |
122 500 |
RADIO BARDUFOSS AS |
Samarbeid mellom Lokal Radio og Lokal Avis for å utvikle system som kan gi god samhandling og berekraftig drift |
105 550 |
BUDSTIKKA MEDIA TRØNDELAG SA |
Forprosjekt M21 – innsikt i konsumeringsvanar |
95 850 |
DRAMMEN LIVE24 AS |
Labrador – nytt publiseringsverktøy |
93 500 |
RUIJAN KAIKU AS |
Kvensk radio |
92 000 |
SVALBARDPOSTEN AS |
«Ny teknologi på 78 grader nord» |
88 500 |
BYAVISA TØNSBERG AS |
Nettavisprosjekt |
85 471 |
SØR-ØSTERDAL MEDIA AS |
Videojournalistikk som verkemiddel |
80 142 |
BLADET SUNNHORDLAND AS |
Direktesend datajournalistikk |
52 000 |
INFO INNLANDET AS |
Podkast for Stangeavisa |
49 000 |
RADIO TOTEN |
Totenmagasinet til alle – teknisk oppgradering for å nå fleire, særleg unge mellom 20 og 40 år |
42 255 |
RADIO 3,16 AS |
Radio på tv |
36 800 |