Nytt fra Medietilsynet
Medietilsynet har fordelt årets produksjonstilskott til avisene: Klassekampen får mest støtte, størst auke for Dagsavisen
Klassekampen får framleis mest støtte, mens Dagsavisen, Dagen og Medier24 får størst auke i kroner. Det er klart etter at Medietilsynet har fordelt 370 millionar kroner i produksjonstilskott til avisene.
Oppdatert 2. desember kl. 13.15.
Støtta i år auka med tolv millionar kroner frå 2020 på grunn av justering for pris- og lønnsvekst. Totalt får 148 aviser støtte i år, av dei er fem nye mottakarar.
Dagsavisen får over 6,2 millionar kroner meir i støtte etter at Demokraten og Rogalands Avis ble slått saman med Dagsavisen i 2020. Dagsavisen, Demokraten og Rogalands Avis reknas difor som ei avis, med eitt felles opplag. Dagen aukar støtta med nær 2,2 millionar kroner, eller 14 prosent frå 2020. Også Medier24 får ein betydeleg auke i støtta.
– Medier24 kom inn i støtteordninga i fjor og har i år nesten dobla støtta, frå nær 1,8 millionar kroner i 2020 til 3,4 millionar kroner i år. Årsaka til auken er opplagsvekst, både for Dagen og Medier24, seier Mari Velsand, direktør i Medietilsynet.
Dei ti største: Dagsavisen aukar mest, mens Morgenbladet får størst reduksjon i støtta
Klassekampen får også i år mest støtte, med nesten 42 millionar kroner i tilskott.
Av dei ti største avisene aukar Dagsavisen støtta mest både prosentvis og i reine tal, mens Morgenbladet får størst prosentvis reduksjon. Morgenbladet mistar nesten 11 prosent av støtta på grunn av opplagsnedgang. Det svarer til ein reduksjon på litt over 1,3 millionar kroner.
Nesten 220 millionar kroner av støtta går til dei ti største mottakarane. Dette er avisene som får mest i produksjonstilskott i 2021:
Avis | 2021 | 2020 | Utvikling |
Klassekampen | 41 738 577 | 42 718 842 | -2,3 % |
Bergensavisen | 35 000 208 | 36 836 786 | -5,0 % |
Dagsavisen | 34 630 033 | 28 370 981 | 22,1 % |
Vårt Land | 31 067 938 | 31 732 746 | -2,1 % |
Nationen | 21 006 192 | 21 461 079 | -2,1 % |
Dagen | 17 841 768 | 15 615 758 | 14,3 % |
Fiskeribladet | 11 815 558 | 12 769 374 | -7,5 % |
Morgenbladet | 11 028 699 | 12 355 727 | -10,7 % |
Nidaros | 8 309 470 | - | Ny avis |
iTromsø | 7 464 158 | 7 942 319 | -6,0 % |
Fem nye aviser får støtte i år – Nidaros blant dei ti største støttemottakarane
Fem nye aviser kvalifiserer for å få støtte i år: Nidaros, Varden, Karmøynytt, Stord24 og Subjekt.
– Nidaros er blant dei ti største støttemottakarane, med litt over åtte millionar kroner i tilskott. Det høge beløpet kjem av at avisene får støtte som nummer to-avis i Trondheim, seier Velsand.
Dei lokale nettavisene Nidaros, Karmøynytt og Stord24 får høvesvis 8,3 millionar, 1,2 millionar og 825 000 kroner i støtte, mens lokalavisa Varden og nisjeavisa Subjekt får høvesvis 3,1 millionar og 1,2 millionar kroner i støtte.
Medietilsynet har konkludert med at den regionale nettavisa Nett.no, som dekker nærings- og samfunnsliv i Nordfjord og på Sunnmøre, og dei lokale nettavisene Bodø Nu og Vefsn No, ikkje kvalifiserte for produksjonstilskott fordi publikasjonane ikkje oppfylte krava.
To aviser forsvann ut av støtteordninga i 2021. Lokalavisa Møre-Nytt fekk avslag på søknaden om tilskott fordi avisa ikkje oppfylte reglane om kor mykje det er lov å ha i overskott, mens lokalavisa Vestnytt hadde for stort opplag.
Fakta om produksjonstilskottet
- Produksjonstilskottet er den største av dei direkte mediestøtteordningane.
- Produksjonstilskottet skal bidra til eit mangfald av nyheits- og aktualitetsmedium over heile landet.
- Ordninga er særleg retta mot medium i marknader som er for små til å vere berekraftige, og medium som er alternativ til dei leiande media i større marknader.
- Produksjonstilskottet skal korrigere for marknadssvikt for mindre nyheitsmedium og nummer to-medium i slike marknader.
- Ordninga er plattformnøytral og likestiller papir- og nettaviser.
- Endringar i opplagsutviklinga er hovudårsaka til at tilskottet til dei såkalla nummer to-avisene (som Klassekampen, Bergensavisen, Vårt Land og Dagsavisen) går opp eller ned frå år til år.
- Kor stort tilskottet til kvar enkelt lokalavis er, avheng av om avisa kjem ut i Sør-Noreg eller Nord-Noreg, kor stort opplag avisa har, og talet på utgåver i året før fordelinga av støtte.
- Medium som søkjer, må oppfylle spesifikke krav til formål og innhald for å få støtte. I tillegg må avisa ha ein ansvarleg redaktør i tråd med krava i Redaktørplakaten, ta reell betaling for innhaldet etter ei offentleg tilgjengeleg prisliste og selje minst halvparten av opplaget gjennom abonnement. Det er også avgrensingar knytte til overskott, driftsmargin og utbytte.
Les meir om produksjonstilskottet her