1. Startsiden
  2. Nyheter
  3. Nyheitsarkiv
  4. Aktuelt 2022

Nytt fra Medietilsynet

Dei minste lokalavisene får åtte millionar kroner meir i mediestøtte enn i fjor

Totalt fordeler Medietilsynet 388,7 millionar kroner i produksjonstilskott til 146 aviser i år. Det er ein auke på 19 millionar kroner frå i fjor. Foto Getty Images/Medietilsynet
Totalt fordeler Medietilsynet 388,7 millionar kroner i produksjonstilskott til 146 aviser i år. Det er ein auke på 19 millionar kroner frå i fjor. Foto Getty Images/Medietilsynet

Dei minste lokalavisene får åtte millionar kroner meir enn i fjor når Medietilsynet no har fordelt produksjonstilskottet for 2022. Klassekampen er framleis den avisa som får mest i støtte.

Totalt fordeler Medietilsynet 388,7 millionar kroner i produksjonstilskott til 146 aviser i år. Det er ein auke på 19 millionar kroner frå i fjor. Regjeringa har øyremerkt 8 millionar kroner til dei minste lokalavisene.

– Alle skal ha et godt medietilbod, uavhengig av kor dei bur. Vi vil bidra til at lokalavisene kan halde fram å gi oss god, samfunnsviktig journalistikk, og at dei samtidig kan drive med omstilling. Derfor rettar vi meir av produksjonstilskotet til dei minste lokalavisene, seier kultur- og likestillingsminister Anette Trettebergstuen.

Dei 8 millionane blir fordelt på om lag 100 lokalaviser.

– Lokalavisene er viktige både for lokalsamfunna og det totale mediemangfaldet, seier direktør Mari Velsand i Medietilsynet.

Klassekampen får framleis mest

Med ei støtte på nær 40 millionar kroner, får Klassekampen mest i støtte, i år som i fjor. Avisa får likevel 1,8 millionar kroner mindre i støtte i år enn i 2021, tilsvarande 4,3 prosent.

– Klassekampen og Bergensavisen får mindre i støtte enn i fjor, fordi fleire nye aviser har kome inn i ordninga. Dagsavisen, Vårt Land og Dagen får også mindre, men der er årsaka i hovudsak at desse avisene har lågare opplag, seier Velsand.

Av dei ti største avisene får Dagsavisen størst reduksjon i støtte, både i kroner og prosent, med ein nedgang på 6,3 millionar kroner, eller omkring 18 prosent. Dagen får 3 millionar kroner mindre, tilsvarande ein nedgang på nesten 17 prosent, mens Vårt Land får ein reduksjon på 4,2 millionar kroner, tilsvarande eit fall på nesten 14 prosent.

Sandnesposten kjem inn på lista over dei ti avisene som får mest støtte, etter ein auke i støtta på 5 millionar til 8,1 millionar kroner. Årsaka til auken er at avisa hadde fleire utgivingar i veka i 2021 enn i 2020 og auka opplag. Nesten halvparten av støtta går til dei ti største mottakarane i ordninga.

Dette er avisene som får mest i år (i kroner):

Avis

Støtte 2022

Støtte 2021

Endring (kroner)

Endring (prosent)

Klassekampen

39 933 556

41 738 577

-1 805 021

-4,3

Bergensavisen

34 625 388

35 894 643

-1 269 255

-3,5

Dagsavisen

28 286 958

34 630 033

-6 343 075

-18,3

Vårt Land

26 828 624

31 067 938

-4 239 314

-13,6

Nationen

21 022 447

21 006 192

16 255

0,1

Dagen

14 849 965

17 841 768

- 2 991 803

-16,8

Morgenbladet

11 128 100

11 028 699

99 401

0,9

Fiskeribladet

10 731 044

11 815 558

-1 084 514

-9,2

Nidaros

9 956 078

8 309 470

1 646 608

19,8

Sandnesposten

8 103 314

3 131 279

4 972 035

158,8

Sjå heile tildelinga her

Sju nye aviser får støtte i år

Sju nye aviser kvalifiserer for å få støtte i år: Avisa Oslo (5 680 263 kroner i støtte), iHarstad (1 848 912 kroner i støtte) , iLevanger (1 702 374 kroner i støtte) , VårtOslo (1 815 302 kroner i støtte), Steinkjer24 (1 199 827 kroner i støtte), Randaberg24 (615 150 kroner i støtte) og MittKongsvinger (1 477 872 kroner i støtte). Alle dei nye mottakarane er nettaviser. Med unntak av ei avis, får alle støtte som nummer to-aviser. Dette er abonnementsaviser som konkurrerer med ei større avis på utgivarstaden, og har ein svakare posisjon i den lokale annonsemarknaden enn konkurrentane.

Dei tre avisene Kragerø Blad, Tvedestrandsposten og Jarlsberg Avis gjekk ut av ordninga i 2022 fordi dei fekk høgare overskot i fjor enn reglane for å ta imot produksjonstilskott tillèt.

Fakta om produksjonstilskottet

  • Produksjonstilskottet er den største av dei direkte mediestøtteordningane.
  • Produksjonstilskottet skal bidra til eit mangfald av nyheits- og aktualitetsmedium over heile landet.
  • Ordninga er særleg retta mot medium i marknader som er for små til å vere berekraftige, og medium som er alternativ til dei leiande media i større marknader. Produksjonstilskottet skal korrigere for marknadssvikt for mindre nyheitsmedium og nummer to-medium i slike marknader (abonnementsaviser som konkurrerer med ei større avis på utgivarstaden).
  • Ordninga er plattformnøytral og likestiller papir- og nettaviser.
  • Medium som søkjer, må oppfylle spesifikke krav til formål og innhald for å få støtte. I tillegg må avisa ha ein ansvarleg redaktør i tråd med krava i Redaktørplakaten, ta reell betaling for innhaldet etter ei offentleg tilgjengeleg prisliste og selje minst halvparten av opplaget gjennom abonnement. Det er også avgrensingar knytte til overskott, driftsmargin og utbytte.