Organisasjon
Organisasjonskart og leiing
Medietilsynet held til i Fredrikstad og har for tida 34 faste årsverk. Medietilsynet har tre fagavdelingar, og blir leia av direktør Mari Velsand.
Avdeling for juridisk og regulatorisk
Avdelinga har ansvar for å sjå til at lover og forskrifter på medieområdet blir følgde og for å føre tilsyn med dette. Avdelinga forvaltar mediepolitiske verkemiddel, som direkte mediestøtteordningar og løyving av kringkastingskonsesjonar. Vidare arbeider avdelinga med å utvikle regelverk og følger opp kontakten med internasjonale myndigheiter på mediefeltet.
Avdeling for innsikt og analyse
Avdelinga har ansvar for datahandtering, innsikt/analyse og utgreiing på tvers av alle fagområde i Medietilsynet. Dette inkluderer blant anna følgande område: marknadsøkonomi/marknadstrendar, barn og medium, kritisk medieforståing, mediemangfald, teknologi, internasjonal utvikling/globale aktørar.
Avdeling for kommunikasjon og rådgiving
Avdelinga har ansvar for ekstern og intern kommunikasjon, og for rådgiving på områda barn og medium og kritisk medieforståing.
Frå 1. januar 2023 løyser Arkivverket ein del av Medietilsynets administrative oppgåver knytte til lønn, rekneskap, økonomirapportering, personaladministrasjon og arkiv.
Leiinga
Direktør Mari Velsand
Mari Velsand har vore direktør i Medietilsynet sidan 2017. Ho har tidlegare lang leiarerfaring frå mediebransjen, blant anna som konserndirektør i Amedia, konsernsjef i Tun Media, sjefredaktør i Nationen og programdirektør i NRK. Ho har også jobba som journalist i fleire medium. Mari har utdanning frå Norsk Journalisthøgskole og ein mastergrad i leiing frå BI.
Hanne Nistad Sekkelsten, avdelingsdirektør (juridisk og regulatorisk avdeling)
Hanne Sekkelsten er utdanna jurist frå Universitetet i Oslo og starta i Medietilsynet i 2010. I 2018 blei ho avdelingsdirektør etter å ha fungert i stillinga sidan 2017. Sekkelsten har variert erfaring frå ulike offentlege forvaltningsinstansar, blant anna frå Fylkesmannen i Østfold. Ho har også arbeidd som advokat i advokatfirmaet Din Advokatpartner AS, før ho blei tilsett i Medietilsynet i 2010.
David Brændeland, avdelingsdirektør (kommunikasjon og rådgiving)
David Brændeland starta som avdelingsdirektør i Medietilsynet 1. september 2023. Han kjem frå stillinga som fagsjef for PR og kommunikasjon i Mindshare. David har også jobba med kommunikasjon i ulike verksemder, blant anna Redd Barna og SOS Barnebyer. Han har ein master fra BI, med blant anna PR-leiing og strategisk kommunikasjon som fag. Han har også studert statsvitskap og journalistikk.
Cesilie Askevold Bollingmo, avdelingsdirektør (innsikt og analyse)
Askevold Bollingmo starta i Medietilsynet i august 2023. Ho har jobba i Kantar sidan 2008 og hatt leiaransvar dei siste tolv åra. Askevold Bollingmo har lang erfaring både frå media og innsikts- og analysearbeid. Ho har tidlegare jobba blant anna som marknadssjef og opplagssjef med it og økonomi.