Pågående prosjekter og utredninger
Nasjonal strategi for trygg digital oppvekst
Den nasjonale strategien for trygg digital oppvekst, «Rett på nett», er utarbeidet av Medietilsynet på oppdrag fra Barne- og familiedepartementet, og ble lagt fram av regjeringen høsten 2021. Som en oppfølging av strategien leder Medietilsynet arbeidet med å lage en handlingsplan for å bedre koordineringen av den offentlige innsatsen på området.
Nasjonal strategi for trygg, digital oppvekst, Rett på nett, blei lansert 3. september 2021.
– Mange aktørar har bidratt i arbeidet, og innspela frå barn og unge har vore særleg viktige. Dei unge er ekspertar på sine eigne liv, og har ikkje alltid same oppfatninga som vaksne i saker som vedkjem dei. Derfor er eitt av måla at barna skal ha reell medverknad når strategien blir forma om til konkrete tiltak, seier direktør i Medietilsynet, Mari Velsand.
– Samarbeid og involvering er vesentleg for å lykkast i dette arbeidet. Det gjeld ikkje berre i utarbeidinga av sjølve strategien, men også når innsatsen skal utviklast og implementerast, seier Velsand.
En stortingsmelding med samme tema, er under utarbeidelse i Barne- og familiedepartementet.
Barn og unges krav til en trygg digital oppvekts
Les nyhetsmeldingen om kravene fra ungdomsnettverket her:
Unges krav til politikerne for en tryggere digital oppvekstStrategien skal sikre barn og ungdom ein trygg digital oppvekst
Mange norske barn er på nett frå tidleg alder, og nesten alle er på sosiale medium frå dei er 13 år, viser undersøkinga Barn og medium 2020 frå Medietilsynet.
– Sjølv om mange unge knyter positive opplevingar til nettet, viser undersøkingane våre at ein del også har ubehagelege erfaringar, som mobbing, uønskt bildedeling eller eksponering for skremmande innhald. Strategien skal blant anna bidra til at barn og ungdom får auka kritisk medieforståing, slik at dei er best mogleg rusta til å handtere den digitale kvardagen, seier Velsand.
Barne- og familiedepartementet har eit overordna ansvar for strategien på vegner av regjeringa, mens Medietilsynet skal følgje opp og koordinere innsatsen på direktoratsnivå.
– Målet er kort og godt å sørge for at barn og unge får ein trygg digital oppvekst. Strategien tar opp tema som deltaking i sosiale medium, personvern og behov for betre digital kompetanse hos både barn og vaksne som er rundt barn. Denne strategien er eit viktig steg mot ein betre koordinert og meir aktiv politikk når det gjeld nettbruken til barn og unge, sa barne- og familieminister Kjell Ingolf Ropstad på lanseringa.
Mange aktørar jobbar med førebygging, råd og hjelp for å sikre barn og unge ein trygg digital oppvekst. Denne strategien skal bidra til at arbeidet blir betre organisert, slik at tiltak, planar og initiativ på ulike fagfelt blir betre koordinerte og meir målretta.
Nasjonal strategi for trygg digital oppvekst må sjåast opp mot ei rekke andre strategiar. Skal vi kunne arbeide målretta, må eksisterande, statlege strategiar, handlingsplanar og tiltak kartleggast. Kartlegginga blir eit grunnlag for å utvikle ein handlingsplan på direktoratsnivå. Handlingsplanen skal bidra til å koordinere innsatsen. Ei gruppe som består av representantar frå statlege etatar, organisasjonar og sivil sektor, skal hjelpe Medietilsynet i arbeidet med planen.
Visjon og mål
Regjeringa skal sikre barn og unge ein aktiv, deltakande og trygg digital oppvekst.
Visjonen skal vi nå gjennom følgjande:
- Sikre rettane til barn i det digitale miljøet og reell medverknad frå barn og unge
Det er viktig at barn og unge får gi innspel og råd til planar og tiltak. Dette må skje på ein måte som dei opplever som meiningsfylt. Høvet til medverknad må vere reell, ikkje berre symbolsk. - Auke den digitale kompetansen til barn og unge
Kritisk refleksjon, kjeldekritikk og tema som digital dømmekraft og digital tryggleik har fått ein tydelegare plass i skolen gjennom fagfornyinga og dei nye læreplanane frå 2020. Samtidig er det fleire sider og tema knytte til det digitale livet som ikkje er spesifikt omtalt i fagplanane. Det er derfor viktig å sikre at dei blir tekne vare på gjennom blant anna tverrfaglege tema som «folkehelse og livsmeistring» og «demokrati og medborgarskap», og gjennom det viktige arbeidet med kritisk medieforståing som Medietilsynet og andre aktørar gjer. - Auke den digitale kompetansen til foreldre og vaksne som jobbar med barn
Vaksne, både foreldre og dei som jobbar med barn, har ansvar for at barn kan ferdast trygt på nettet. Å auke kunnskapen og engasjementet til dei vaksne om dei positive og negative sidene ved nettbruken til barn vil vere med på sikre barn og unge ein aktiv, deltakande og trygg digital oppvekst. - Verne barn og unge mot internettrelaterte overgrep, skadeleg innhald og skadeleg bruk
Regjeringa har lagt fram ein nasjonal strategi for å førebygge og nedkjempe internettrelaterte overgrep mot barn. Strategien er ein del av det arbeidet regjeringa driv med å trygge den digitale oppveksten for barn. - Sikre person- og forbrukarvernet til barn og unge
Fordi barn og unge er storbrukarar av sosiale medium og andre digitale tenester, gir dei frå seg mange personopplysningar. Det er viktig at barn og unge får kunnskap om at alle data dei legg igjen på digitale flater, kan bli brukte kommersielt. Dei må derfor få meir informasjon om korleis personopplysningar blir kopla opp mot algoritmar, korleis dette påverkar innhaldet dei blir eksponerte for på nettet, og kva for forbrukar- og personvernrettar som gjeld. - Initiere forsking og gjere kunnskap tilgjengeleg
Dei fleste forskingspublikasjonane som finst om det digitale livet til barn og ungdom, analyserer risiko og ikkje skade. Fordi dei fleste undersøkingane er baserte på kvantitative analysar, klarer dei ikkje å fange opp opplevingane til barn og unge på ein tilstrekkeleg nyansert måte. Kunnskap og forsking bør danne grunnlaget for politiske avgjerder, for lovgiving og praksis. Det er viktig å legge til rette for forsking om den digitale kvardagen til barn og unge. Forskinga må formidlast og gjerast offentleg tilgjengeleg. - Styrke koordineringa av arbeidet for trygg, digital oppvekst
Mange aktørar jobbar med førebygging, råd og bistand for å sikre barn og unge ein trygg digital oppvekst. Den nasjonale strategien skal bidra til at arbeidet blir betre organisert, slik at tiltak, planar og initiativ på ulike fagfelt blir betre koordinerte og meir målretta. Barne- og familiedepartementet har eit overordna koordinerande ansvar. Ansvaret inneber å leie arbeidet på departementsnivå, vere ein pådrivar for utviklinga av politikken på feltet og ha ein dialog med departementa som dette vedkjem: Helse- og omsorgsdepartementet, Justis- og beredskapsdepartementet, Kommunal- og moderniseringsdepartementet, Kulturdepartementet og Kunnskapsdepartementet. Medietilsynet skal følge opp og koordinere innsatsen for ein trygg digital oppvekst på direktoratsnivå.
Målgrupper for strategien
Hovudmålgruppa for strategien er barn og unge.
Skal barn og unge vere sikra ein aktiv, deltakande og trygg digital oppvekst, krev det ein innsats frå fleire aktørar. Strategien rettar seg derfor også mot:
- foreldre
- utøvande myndigheiter med ansvar for ulike delar av oppveksten til barn og unge
- vaksne som jobbar med barn og unge
- leverandørar/plattformeigarar/medium som leverer digitale tenester og innhald som blir brukte av barn og unge
- organisasjonar og aktørar som jobbar for barn og unge
3. september direkteoverførte regjeringa lanseringa av strategien
Strategien blei lansert og offentleggjord 3. september 2021. Du kan lese strategien her: Rett på nett |
Spørsmål om arbeidet med nasjonal strategi kan rettast til Maria Grande.