Nytt fra Medietilsynet
Medietilsynet har vurdert første år med ny allmennkringkastaravtale: To brot for TV 2 – men oppfyller dei fleste krava
TV 2 leverte eit solid allmennkringkastingstilbod i 2019, men braut to av krava, konkluderer Medietilsynet. Kanalen hadde ikkje majoriteten av redaksjonelle medarbeidarar ved hovudredaksjonen i Bergen gjennom heile 2019 og sende ikkje nok innhald om religion og livssyn. – Eitt av brota fører til at TV 2 får avkorta kompensasjonen, seier direktør Mari Velsand i Medietilsynet.
Frå 1. januar 2019 har TV 2 hatt ein avtale med staten der kanalen får inntil 135 millionar kroner kvart år i fem år for å dekke nettokostnadene knytte til å levere allmennkringkastingsinnhald. For å oppfylle allmennkringkastingsoppdraget skal TV 2 sende eigenproduserte riksdekkande nyheitsprogram med base i den sentrale nyheitsredaksjonen i Bergen, norskspråklege program for barn og unge og norsk film og tv-drama. Eit anna krav er at hovudredaksjonen og nyheitsredaksjonen skal ligge minst hundre kilometer utanfor Oslo. I avtalen er det også ei rekke andre krav til det samla programtilbodet til kanalen, men som TV 2 ikkje får økonomisk kompensasjon for.
TV 2 braut to av krava i 2019
TV 2 har som allmennkringkastar levert eit breitt og variert programtilbod i 2019, meiner Medietilsynet. Tilsynet peikar blant anna på fleire nye norskspråklege program og at TV 2 har satsa meir på den eigenproduserte gravande journalistikken.
– I eit mediemangfaldsperspektiv er det også positivt at TV 2 har styrkt satsinga på eigenproduserte riksdekkande nyheitsprogram som blir laga utanfor Oslo, tilbyr eigne norskspråklege program både for barn og ungdom og investerer i ny norsk film- og dramaproduksjon. Dette er sentrale mål med allmennkringkastaravtalen, seier Velsand.
Medietilsynet har konkludert med at TV 2 braut to av krava i 2019. Det eine brotet gjaldt lokalisering, fordi TV 2 ikkje hadde majoriteten av dei redaksjonelle medarbeidarane på plass i hovudredaksjonen i Bergen frå starten av året. Vidare sende TV 2 for få minutt i programkategorien religion og livssyn delar av året.
Kompensasjonen blir redusert på grunn av brot
TV 2 har dokumentert ein netto meirkostnad for allmennkringkastingsverksemda på 143,8 millionar kroner i 2019, inkludert ti prosent driftsmargin, slik avtalen opnar for. Det rekneskapsmessige resultatet tilseier dermed full kompensasjon på 135 millionar kroner for 2019.
Ved brot på nokre av krava i allmennkringkastingsoppdraget, skal Medietilsynet redusere kompensasjonen med det kanalen har spart ved å ikkje oppfylle forpliktingane.
– Ettersom majoriteten av dei redaksjonelle medarbeidarane ved hovudredaksjonen i Bergen ikkje var på plass før 1. august 2019, har TV 2 brote ein del av lokaliseringskravet. Brotet gjer at kompensasjonen blir redusert. Medietilsynet kommer tilbake til storleiken på reduksjonen, seier Velsand. Kravet til program om religion og livssyn ligg utanfor allmennkringkastingsoppdraget, og dette brotet påverkar derfor ikkje kompensasjonen. Medietilsynet kan likevel gi TV 2 åtvaring, gebyr eller tvangsmulkt.
– Medietilsynet reiser ikkje tilsynssak for dette brotet. I vurderinga har vi lagt vekt på at avviket ikkje var på meir enn åtte minutt for kvar av dei fem månadene, og at TV 2 innretta sendingane i tråd med krava frå hausten 2019, seier Velsand.
Krav som er innfridde i TV 2s første år som kommersiell allmennkringkastar:
- TV 2 har i snitt sendt litt over 45 minutt nyheiter (inkludert sportsnyheiter) med base i den sentrale nyheitsredaksjonen måndag til torsdag mellom kl. 17.00 og 24.00, og like over 44 minutt mellom kl. 17.00 og 24.00 fredag til søndag.
- TV 2 har brukt over 250 millionar kroner i direkte redaksjonelle kostnader knytte til nyheitssendingane på hovudkanalen.
- TV 2 har sendt over 80 timar tv for dei yngste barna. Norskspråkleg barne-tv minimum kvar veke.
- TV 2 har investert over 50 millionar kroner i norsk film og tv-drama.
- Majoriteten av redaksjonelle avgjerder om programsamansetninga er tatt i hovudredaksjonen i Bergen.
- Den sentrale nyheitsredaksjonen er lokalisert i Bergen. Her blei majoriteten av dei redaksjonelle avgjerdene knytte til nyheitssendingane tatt, og her har majoriteten av dei redaksjonelt tilsette i nyheitssendingane arbeidsstaden sin.
- Nyheitsredaktøren har hatt arbeidsstaden sin ved den sentrale nyheitsredaksjonen for den delen av stillinga som er knytt til allmennkringkastingsoppdraget.
- Hovudkanalen har vore tilgjengeleg for minst 95 prosent av alle husstandar i Noreg (teknisk dekning), og allmennkringkastingsinnhaldet har vore opent tilgjengeleg over internett gjennom strøymetenesta TV 2 Sumo.
- Programtilbodet i hovudkanalen er basert på prinsippa for allmennkringkasting og TV 2 har sendt program for breie og smale grupper.
- Begge dei to offisielle norske målformene er nytta, og TV 2 hadde over 50 prosent norskspråklege program.
- TV 2 hadde tilstrekkeleg omfang og hyppigheit for dei fire temakategoriane samfunn/informasjonsprogram, dokumentarprogram, underhaldning og sport.
- TV 2 har etterlevd retningslinjene for rekneskapsmessig skilje mellom allmennkringkastingsverksemda og den andre verksemda til TV 2.
Krav som er brote i TV 2s første år med ny avtale som kommersiell allmennkringkastar:
- TV 2 hadde ikkje majoriteten av dei redaksjonelle medarbeidarane ved hovudredaksjonen i Bergen i heile 2019, og braut dermed eitt av lokaliseringskrava.
- TV 2 sende for få minutt innanfor programkategorien religion og livssyn i fem månader.
Les heile Allmennkringkastingsrapporten 2019 og Medietilsynets vurdering av TV 2 her.
Avtalen mellom TV 2 og staten har tre hovudmål:
– halde norsk mediemangfald ved lag
– sikre ein reell konkurrent til NRK
– sørge for at det blir produsert og sendt riksdekkande nyheitssendingar utanfor Oslo
Avtale om kommersiell allmennkringkasting mellom TV 2 og staten