1. Startsiden
  2. Tv, film og radio
  3. Tv og bestillingstjenester

Tv og bestillingstjenester

Store sportshendingar på tv

Bilde av OL-ringane. Foto Mostphotos

Regjeringa har vedteke ei liste over hendingar som er av vesentleg betyding for samfunnet. Reglane er gitte for å sikre at slike hendingar kan sjåast av flest mogeleg. Vederlagsfrie kanalar skal derfor ha ei moglegheit til å kjøpe rettane til hendingane, som omfattar dei største meisterskapa i sport.

For å vere vederlagsfri må kanalen tilbyast tv-sjåarane utan anna avgift enn grunnpakkeavgift og offentleg finansiering av NRK.

Reglane inneber i praksis at tv-kanalar som ikkje oppfyller krava om å vere vederlagsfrie og ha tilstrekkeleg dekning, på førespurnad må leggje til rette for at andre tv-kanalar, som fyller vilkåra, kan sende hendinga. For å ha tilstrekkeleg dekning må 90 prosent av den norske befolkninga ha moglegheit for å få inn kanalen. Dekningskravet er teknologinøytralt og gjeld uavhengig av om ein mottek fjernsynssignal gjennom kabel, internett, satellitt med vidare. Dekninga blir berekna ved å legge saman alle nett fjernsynskanalen nyttar for å distribuere fjernsynssignala til hendinga.

Norske kringkastarar som kjøper einerettar til heile eller delar av hendingar som finst på lista, må rapportere dette til Medietilsynet. Dette gjeld også norske kringkastarar som kjøper einerettar til hendingar på lister i andre EØS-land.

Følgande hendingar står på den norske lista, og med mindre noko anna er spesifisert omfattar lista alle greiner og øvingar i ein meisterskap – både for kvinner og menn:

OL – sommar- og vinterleikane

EM og VM i fotball for menn  inkluderte kvalifiseringskampar med norsk medverknad

EM og VM i handball for kvinner

Cupfinalen i fotball for menn

VM på ski i nordiske greiner

VM i alpint

Holmenkollen FIS World Cup Nordic

VM i skiskyting

Les meir om dei norske reglane for tv-reklame

PNG_email icon_60x60.png Spørsmål om temaea du finn på denne sida kan rettast til kringkasting@medietilsynet.no 

oransje strek 2 smalere.png

Relaterte sakar:

2022:

Ingen brot på reklamereglane i sendingane under årets vinter-OL

Norske OL-favoritter sendes direkte på TVNorge

2021:

OL-sendingene kan vises både på internett og tradisjonell tv